Staurselva er ei elv på Frosta i Trøndelag. Den renn ut frå Hovdalsvatnet som ligg 116 moh. Elva er berre 1,5 km lang og går ut i Trondheimsfjorden på nordsida av Frosta.

To halve kvernstein og lager.
Francisturbin frå Fossbakken.

Historie endre

Det er godt fall på elva og det har vore industri langs elva som har nytta vasskrafta. Tidlegare var det kverner, møller, stamper, sagbruk og snikkarverkstader langs elva. I 1904 kom Christian Thams frå Orkdal og skreiv kontrakter med brukarane av vassfalla langs elva. Han betalte brukarane for å få retten til å stenge og sleppe vatnet ved oset. Årsaka var at Christian Thams måtte ha ein kraftstasjon som leverte straum til ''Nordenfjeldske sprængstof aktieselskab'' som skulle byggast i Sunndalen i Åsen i Trøndelag. Fabrikken vart lagt ned i 1920 og rettar med anlegg vart seld til tre av brukarane. I dag er det inga industriell verksemd langs elva. Det er Frosta vassverk AL som har teke over rettane i elva og er forplikta til å sleppe minimum 20 liter vatn i sekundet ned gjennom elva. Ved utlaupet av elva var det utskiping av gruvetømmer (pitprops) fyrst på 1900-talet.

Kjelder endre