Stavøya
Stavøya er ei øy i Kinn kommune i Vestland. Ho ligg like sør for Florø lufthamn, på sørsida av Solheimsfjorden og nord for Brufjorden. Øya har eit areal på 10,9 km² og om lag 55 innbyggjarar.
Stavøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sunnfjord |
Koordinatar | 61°33′37″N 05°06′13″E / 61.56028°N 5.10361°E
|
Areal | 10,9 km²
|
Høgaste punkt | Skaranipa (201 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | 55 (2001) |
Folketettleik | 5,0 /km² |
Øyane Askrova og Svanøya ligg vest for Brufjorden på vestsida av Stavøya. Stavøya vart i 1990 knytt til fastlandet med Stongasundet bru, som er 173 meter lang, over til Bru og Fv547.
Folketalsutvikling
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
---|---|---|---|
73 | 160 | 61a | 48a |
aMed Ålvora
Kjelder endre
- ↑ Folketeljing 1801 for Kinn prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff endre
- Kart over Flora kommune som viser Stavøya Arkivert 2005-12-15 ved Wayback Machine.