Stay av Tooji

song frå 2012 med Tooji
«Stay»
Singel av Tooji
Land Noreg
Språk Engelsk
Utgjeve 2012
Sjanger danse-pop
Låtskrivar(ar) Tooji, Figge Boström og Peter Boström

«Stay» var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2012, framført av Tooji. Teksten er skriven på engelsk.

«Stay»
Eurovision Song Contest 2012
Land Noreg
Artist(ar) Tooji Keshtkar
Alias Tooji
Språk Engelsk
Låtskrivar(ar) Tooji, Figge Boström og Peter Boström
Resultat
Semifinalepoeng 45
Semifinaleplass 10
Finalepoeng 7
Finaleplass 26
Noreg i Eurovision Song Contest
«Haba Haba»
(2011)
«Stay» «I Feed You My Love»
(2013)

Melodi Grand Prix 2012 endre

Songen enda på andreplass i den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2012 og gjekk vidare til finalen. Der gjekk han vidare til gullfinalen og vann med 155 480 røyster. Songen fekk dimed representere Noreg i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest 2012 endre

Songen starta som nummer 16 i den andre semifinalen og gjekk vidare til finalen. Poenga frå semifinalen vart ikkje offentleggjort før etter hovudfinalen. Her enda han på ein absolutt sisteplass med 7 poeng frå Island, Nederland og Sverige.[1] Same kvelden vart poengresultata frå semifinalane offentleggjort, og det viste seg at songen også der vart den siste av dei ti som vart teken med i finalen.[2]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Stay» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2012.
  • Poengsum er henta frå eurovision.tv, 27. mai 2012.

Fotnotar endre