Stegosaurus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Overorden: Dinosaurar Dinosauria
Orden: Ornithischia
Underorden: Thyreophora
Overfamilie: Stegosauria
Familie: Stegosauridae
Slekt: Stegosaurus
Marsh, 1877

Stegosaurus var ein planteetande dinosaurus som levde mellom 155 og 145 millionar år sidan i juratida i det som er vestlege Nord-Amerika og Europa i dag. På grunn av dei karakteristiske ryggplatene og dei fire piggane på halen høyrer han med mellom dei mest berømte dinosaurane.

Skildring endre

 
Modell av ein ung Stegosaurus.
 
Stegosaurus sett i høve til menneske

Stegosaurane var gjennomsnittleg 9 m lange og 4 m høge. Vekta er rekna til å ha vore litt over 4,5 tonn. Dei gjekk på fire bein og hadde to radar med vertikale beinplater langs rryggen. Ytst på halen hadde dei òg fire lange piggar som sannsynlegvis vart nytta til forsvar mot kjøtetarar. Frambeina hadde fem tær og var langt kortare enn dei tretåa bakbeina, noko som resulterte i ei uvanleg kroppshaldning.

Sett i forhold til kroppen var hovudet særs lite. Det sat òg særs langt nede på kroppen, noko som har ført til at forskarar meiner Stegosaurus beita på låge plantar i botnsjiktet. Denne teorien vert støtta av at dei fremre delane av kjeven mangla tenner og er omdanna til eit hardt nebb. Bak i munnen sat det ei rekkje små, trekanta tyggjetenner.

Hjernen til Stegosaurus var den minste dinosaurhjernen sett i høve til kroppsstorleiken. Storleiken på hjerneskallen har fortalt paleobiologane at hjernen deira ikkje kunne vega meir enn 80 gram. Dette førte til ein ide om at dinosaurar generelt var stokk dumme; noko få paleontologar trur i dag.

Beinplater endre

 
Skjelett av Stegosaurus

På ryggen hadde Stegosaurus to radar med beinplater. Kvar av desse bestod av 17 osteodermar; hudskjel av same slag ein ser hjå krokodiller og mange øgler i dag. Platene voks ut or huda til dyret, og var såleis ikkje festa direkte til skjelettet.

Kva funksjon platene har tent til er omstridt. Tidlegare trudde mange dei var meint til forsvar mot predatorar, men dei framstår som for skjøre og dårleg plasserte på dyra til å vera spesielt godt eigna til dette. Ein meir populær teori er at dei var i bruk til å regulera temperaturen til dyret, som segla på Dimetrodon og Spinosaurus eller øyro til elefantar: Platene hadde eit omfattande sett med blodårer gjennom seg, og luft i området rundt dei ville kjølt ned blodet. Denne teorien har vorte kritisert på bakgrunn av stegosauridane sin utviklingshistorie.

Ein tredje teori byggjer på den relativt store storleiken til platene og hevdar dei var til å auka høgda til dyret. Dette kunne vera for å få dyret til å sjå større ut og såleis unngå skremma rovdyr frå å angripa, og/eller for å imponera under kurtise.

Halepiggar endre

Kvart dyr hadde fire opp til ein meter lange piggar ytst på halen sin. Forskarane er ikkje sikre på om dei faktisk vart brukt til våpen eller om dei berre var til pynt, men teikna talar mykje til fordel for det første: Ein studie i 2001 har vist høg frekvens av skadar som kan ha vore støytrelaterte.

Artar endre

  • Stegosaurus armatus
  • Stegosaurus stenops
  • Stegosaurus longispinus

Bakgrunnsstoff endre