Steinar Foslie

norsk geolog

Steinar Foslie (fødd 27. februar 1887 i Tromsø, død november 1951) var ein norsk geolog, frå 1916 og fram til han døydde var han statsgeolog. Mikael Foslie var far hans.

Steinar Foslie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. februar 1887
Tromsø
Død

19. november 1951 (64 år)

Yrke geolog
Far Mikael Foslie

Foslie vart bergkandidat frå Universitetet i Oslo i 1909. Åra 1912-13 studerte han gruvedrift i Sverige, Tyskland, Austerrike og Ungarn. I 1917 var han på ei granskingsferd i Sibir. Seinare studerte han malmgeologi i Spania og Canada, og vart ein meisterleg malmgeolog. Mellom hans viktigaste verk er Syd-Norges gruber og malmforekomster frå 1925, Norges svovelforekomster (1926), Melkedalens grube i Ofoten (1946), samt Håfjellsmulden og dens sedimentære jern- og manganmalmer frå 1949.

Han kartla store område geologisk, særleg i Nord-Noreg og i Grongfeltet. I 1941 gav han ut kartlegginga over Tysfjord, året etter over Hellemobotn og Linnajavre.

Kjelder endre