Ein stellarator er ein fusjonsreaktor. Det er eit apparat for innesperring av plasma ved så høg temperatur (ca 100 mill. Kelvin) at det kan føregå termonukleære reaksjonar som fusjon. Stellaratoren består av eit torusforma magnetfelt der magnetviklingane er forma slik at feltet i torusen får ein karakteristisk vriding, noko som må til for å oppnå stabilitet i plasmaet. Stellaratoren vart utvikla i USA i 1950-åra. Han var lenge rekna som den mest lovande grunnforma for ein fusjonsreaktor, men etter at vellukka eksperiment med ein annan type, tokamak, ved atomforskingsinstituttet i Moskva vart kjent i 1969, vart denne forma gjeve førsteprioritet òg innan fusjonsforskinga i USA. Det er uvisst om stellaratorer nokon gong vil få praktisk bruk.

Kjelder endre