Stereofoni, eller stereofonisk lydattgjeving (romleg lydattgjeving) er attgjeving av det romlege perspektivet i musikk, eller annan lyd. Ordet «stereofoni» er sett saman av dei greske orda στερεος (stereos), som tyder «rom», og φονη (foni), som tyder «lyd», eller «klang».

Blumlein mikrofonkonfigurasjon.

For at lyden skal attgjevast stereofonisk (romleg) må den romleg informasjonen takast vare på under opptak og det må nyttast attgjevingsutstyr som både er i stand til å attskapa stereofoniske opptak og som er rett plassert i lyttarrommet. Stereofoni vart utarbeidd av Alan Blumlein rundt 1930 [1].

Stereofonisk attgjevening vert ofte assossiert med to kanalar, men talet på kanalar kan gjerne vera meir enn to. At det i praksis vert nytta berre to kanalar kjem av at teknologien sette ei øvre grense på to kanalar då stereofoniske stereoplater vart innførte.

Eit to-kanals stereofonisk system er berre i stand til å attskapa ein illusjon av romleg lyd i ein avgrensa vinkel framom lyttaren. Meir avanserte stereofoniske system, som til dømes høgare ordens Ambisonics (HOA), er i stand til å attskapa ein romleg dimensjon i eit tredimensjonalt rom. Dette vert ofte kalla 3D-lyd.

Ofte vert omgrepet «stereoutstyr», eller berre «stereo», nytta om lydattgjvingsutstyr generelt, men dette er ofte missvisande.

Referansar endre

  1. Blumlein, A.D., Improvements in and relating to sound-transmission, sound-recording and sound-reproducing systems, Britsich patent spesification 394,325, 14/12.1931.

Sjå òg endre