Stereoskop er eit apparat for å gje tredimensjonalitet og djupnesyn når ein ser på ein type tilrettelagde bilete eller fotografi, ofte kalla stereofotografi eller stereokort. Teknikken blir kalla stereoskopi og omfattar ulike teknikkar, òg tredimensjonal film.

Feltstereoskop for landmålerar, brukt på flyfoto i målestokk 1:5000 som er tatt med nokre sekundars mellomrom. Legg merke til at terrengdetaljane er dei same i kvart bilete, men vinkelen detaljane vert observert, i forhold til loddlinja til jorda, er forskjellig.
Militært lommestereoskop for kartlesing produsert av Zeiss, truleg på 1950-talet. Stereskopet har originalt test-kort.
Lommestereoskop WILD 1985
Stereofotografi av biblioteket i Nordenham i Tyskland som får tredimensjonal djupneverknad dersom observatøren skjeler kraftig og ser i kryss slik at bildene overlappar kvarandre og flyt saman til eitt motiv midt på.
I 1939 kom View-Master, eit enkelt, kikkertforma kikkeinstrument for stereoskopiske lysbileter som er montert på ei rund pappskive. View-Master vert i dag hovusdakleg selt som eit leiketøy for barn.

Omgrepet er danna av dei greske orda stereos («romleg») og skopein («sjå seg omkring»). Adjektivet stereoskopisk tyder «med romverknad» eller «tredimensjonal» og blir brukt særleg om opplevinga av djupnesyn med to auge som ser i same retning.

Verkemåte og bruk endre

Prinsippet byggjer på at vi ser med to auge som har ein viss avstand. Det eine auget ser ein gjenstand i ein litt annan vinkel enn det andre auget i tilhøve til øvrige objekt. Skilnaden i vinkel gjev hjernen ein indikasjon på avstanden til objektet. Ved å ta to bilete frå same avstand, og med linsa (objektivet) forskove tilsvarande augeavstand, og ved at desse bileta vert observert samstundes, kan vi få ein tilsvarande effekt ved hjelp av bilete. Viss slike bilete blir montert i same ramme og observert med eit kikkertliknande apparat vil dei gje ein illusjon av djupnesyn. Binokkulare kikkertar byggjar forresten på same prinsipp.

Filmindustrien har freista med stereoskopisk film fleire gonger. Tilskodaren måtte då bruke spesielle briller for å få effekten med seg. Utgiftene med slike opptak har tydelegvis ikkje stått i tilhøve til innteninga. Den visuelle effekten viser seg òg å vere mindre viktig enn den forteljartekniske.

Stereoskop blir i dag brukt i samanhengar der nytteverdien av den meirinformasjonen ein berre kan få på denne måten, forsvarar utgiftene. Dei store oljeleitingsmiljøa brukar til dømes ein variant og vidareføring der tredimensjonale data blir lagt inn i eit hologram, som berre kan studerast med spesialbriller i eit eige rom. Einskilde mikroskoptypar gjev stereoskopiske bilete. Nokre flyfoto i etterretningsøyemed blir nok enno teke med stereokamera. Landmålerar har òg apparat av liknande slag.

Ved kartlegging med høgdekurver, blir det teke fortløpande bilete frå fly som flyr i «striper», og der bileta overlappar kvarandre med 60 %. Bileta blir plassert i ein konstruksjonsmaskin der nabo-bileta blir sett parvis saman. Ein får då ein kraftig stereoverknad. Tidlegare vart karta på dette grunnlaget teikna manuelt ved hjelp av konstruksjonsmaskinar (t.d. Autograf WILD A8). I dag skjer konstruksjonen etter dei same prinsipp i hovudsak automatisk ved hjelp av dataprogram.

 
Stereo-kort frå 1901 med dobbeltfotografi av eit stereoskop i bruk. For å sjå 3D-effekten utan stereoskop, kan ein nytte to metodar:
1. Parallellsyn-teknikken:
Først må ein ta ein utskrift av dobbeltfotografiet. Ofte er det naudsynt å justere enkeltbileta ved å klippe dei frå kvarandre og plassere dei slik at avstanden mellom biletelementa i dei to motiva blir omtrent lik avstanden mellom auga (eller litt mindre). Viss ein ser på bileta med eit ufokusert, fjernt blikk som er retta rett fram (som om ein ser «gjennom» og langt «forbi» dei) vil dei kunne flyte saman til éit samla motiv med djupneverknad. På ein vanleg dataskjerm med storleik 19-23" vil ein oppnå den same stereoskopiske verknaden ved å sjå på skjermen på 10–20 cm hald. 2. Kryssyn-teknikken:
Viss ein printar ut motivet, klipper bileta frå kvarandre og byter om plasseringa av høgre og venstre bilete, kan ein oppfatte djupneeffekten ved å sjå i kryss. Då skal ein skjele kraftig til bileta flyter saman og tilsynelatande dannar eit nytt, tredje biletet mellom dei to første.

Sjå òg endre

Kjelder endre