Steve «The Deacon» Hunter (fødd 14. juni 1948) er ein amerikansk gitarist, mest kjend for samarbeidet sitt med Lou Reed og Alice Cooper. Han spelte først i Mitch Ryder sitt Detroit, før han starta ein lange samarbeidsperiode med plateprodusenten Bob Ezrin.

Steve Hunter

Fødd14. juni 1948 (75 år)
FødestadDecatur
OpphavUSA
Aktiv1971–
Sjangerblues
Instrumentgitar
PlateselskapAtco Records
Verka sommusikar, gitarist, plateartist, studiomusiker

I 1970-åra spelte han på fem Alice Cooper-album, fire av dei produserte av Ezrin, mellom andre Billion Dollar Babies og Muscle of Love. Då Alice Cooper vart soloartist, vart Hunter med og spelte på det banebrytande albumet Welcome to My Nightmare i 1975 samt på konsertane, i lag med gitarist Dick Wagner, som Hunter alt hadde spelt i lag med ei stund, som på konsertalbumet til Lou Reed Rock 'n' Roll Animal. Han og Wagner spelte òg på solodebutalbumet til Peter Gabriel.

Det første samarbeidet hans med Lou Reed var på Berlin i 1973.

Solodiskografi endre

  • 1977 - Swept Away (Atco)
  • 1989 - The Deacon (IRS)
  • 2008 - Hymns for Gitar (Deacon Records)
  • 2008 - Short Stories

Andre plater endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre