Steve O'Rourke (fødd 1. oktober 1940 Willesden i England, død 30. oktober 2003) var ein britisk musikkmanager . Han er mest kjend som manager for den britiske musikkgruppa Pink Floyd etter at Syd Barrett forsvann frå bandet i 1968. Denne rolla hadde han heilt til han døydde i 2003.

Steve O’Rourke
Fødd1. oktober 1940
FødestadWillesden
Død30. oktober 2003 (63 år)
DødsstadMiami
OpphavStorbritannia
Verka somracerbilfører, talentagent, talent manager

Han byrja å styre Pink Floyd medan har arbeidde i Bryan Morrison Agency, så NEMS Enterprises. Seinare grunnla han sitt eige selskap, EMKA Productions, kalla opp etter dei to eldste døtrene hans, Emma og Katheryne.

O'Rourke hadde òg ein parallell karriere som motorsportsutøvar og hadde sitt eige selskap kalla EMKA Racing. Hovudsakleg deltok han i såkalla «gentlemansbilløp», ei interesse han delte med Pink Floyd-trommis Nick Mason og, til ei viss grad, David Gilmour. Han likte spesielt historiske løp med bilar frå 1950- til 1970-talet. I 1979 gjennomførte han 24-timarsløpet Le Mans på ein 12. plass med ein Ferrari 512 BB, medan han i 1998 kom på ein respektabel fjerdeplass med ein McLaren F1. Han deltok i mange billøp, deriblant La Carrera Panamericana i 1991 som kartlesar for David Gilmour. Gilmour og O'Rourke kræsja der, og O'Rourke braut eit bein. Billøpet vart filma og gjeve ut på video med musikk av Pink Floyd.

O'Rourke fekk slag og døydde i Miami i Florida i 2003. Gravferda hans vart halde den 14. november same året i Chichester Cathedral i Sussex i England, der dei tre Pink Floyd-medlemmane David Gilmour, Richard Wright og Nick Mason spelte som ei hyllest til han. Dette var første gong bandet spela i lag sidan oktober 1994, og dei spelte «Fat Old Sun» og «The Great Gig in the Sky» med Dick Parrysaksofon.

Andre artistar endre

Andre artistar O'Rourke var manager for inkluderer