Stickney-krateret

Stickney-krateret er det største krateretmarsmånen Fobos. Det ligg på 5°S 55°V på Fobos og utgjer med sine ni kilometer i diameter ein stor del av månen si overflata. Krateret er namnsett etter Chloe Angeline Stickney Hall, kona til Asaph Hall, oppdagaren av Fobos.[1] Inne i Stickney-krateret ligg eit mindre krater som er danna av eit seinare nedslag.

Stickney-krateret fotografert av Mars Reconnaissance Orbiter-sonden i mars 2008.

Grøfter og kraterkjeder som tilsynelatande strålar ut ifrå Stickney har leidd til teoriar om at nedslaget som laga krateret nesten øydela månen. Forsking gjort ved hjelp av Mars Express-sonden indikerer at dette ikkje er tilfelle og at dei har blitt danna av materiale kasta av Mars under nedslag på planetoverflata. Kraterveggane til Stickney har ein tydeleg lineær tekstur som skuldast ras i kratersidene.[2]

Biletgalleri endre

Fotnoteliste endre

  1. Blue, Jennifer. ««Phobos Nomenclature: Crater»». Gazetteer of Planetary Nomenclature. Henta 30.04.2008. 
  2. «Fargebilete av Fobos ifrå 6800 kilometer». NASA/JPL-Caltech/University of Arizona. 09.04.2008. Henta 9. april 2008.