Stig André Berge
Stig André Berge (fødd 20. juli 1983) er ein norsk brytar frå Groruddalen. Berge representerer Oslo Bryteklubb.
Stig André Berge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. juli 1983 (40 år) Oslo |
Idrett | bryting |
Tok del i |
Bryting under Sommer-OL 2012, Bryting under Sommer-OL 2008, Bryting under Sommer-OL 2016 |
Stig André Berge har vunne tretten nasjonale titlar og to kongepokalar (2005 og 2008). I tillegg vann han sølv under EM i bryting i Sofia i 2007, og gull frå verdscupen same året.
Berge kvalifiserte seg til sommar-OL 2008 i Beijing, men rauk ut etter den fyrste kampen, der han møtte Nurbakyt Tengizbayev frå Kasakhstan. [1] Under eit stemne i Finland våren 2012 kvalifiserte han seg til OL på nytt [2], og tevlar for Noreg under sommar-OL 2012 i London. Berge bryt vanlegvis i 66-kilosklassen i Noreg, men fekk bryta i 60-kilosklassen i London. Diverre tapte han også her sin fyrste kamp; åttandedelsfinalen mot Hasan Alijev frå Aserbajdsjan og rauk med det ut av OL. [3]
Kjærasten til Stig André Berge, Rosel Utne, er også brytar.