Stig Johansen

norsk fotballspelar

Stig Johansen (fødd 13. juni 1972) er ein tidlegare fotballspelar frå Kabelvåg i Nordland. Han var i to periodar angrepsspelar på Bodø/Glimt og svensk seriemeister 1999 for Helsingborg IF.

Stig Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1972 (51 år)
Kabelvåg
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Johansen spelte frå 1989 til 1992 på Kabelvåg IL sitt lag på nivå 4. 1993-sesongen var han aktiv for Fotballklubben Mjølner på nivå 2. Johansen treivst ikkje i Narvik, melde ved sesongslutt difor overgang til nyskipa FK Lofoten. I 1994 skåra han 38 seriemål for laget frå Vågan på nivå 4. Til 1995-sesongen skreiv han kontrakt med Bodø/Glimt. Med 19 nettkjenningar vart han toppskårar for eit mannskap som enda på tredjeplass i eliteserien 1995. Også i 1996 og 1997 var han toppskårar for Bodø-laget.

I august 1997 vart Johansen overført til engelske Southampton FC. Korkje der, eller i Bristol City FC, makta han å spele seg til plass i fyrsteellevaren. Sommaren 1998 gjekk turen til til svenske Helsingborg, der norske Åge Hareide var lagsjef. Hareide, med Johansen på laget, leia Helsingborg til triumf i Allsvenskan 1999.

Frå 2001 til og med 2009 spelte Johansen på Bodø/Glimt sitt lag i vekselvis eliteserien og på nivå 2 i seriesystemet. I 2003 var han kaptein for eit Bodø/Glimt-mannskap som kom på andreplass i eliteserien og spelte NM-finale mot Rosenborg BK. På Ullevaal stadion i Oslo sende Johansen Glimt i føringa, før Rosenborg utlikna og vann med 3–1 etter ekstraomgangar.

Landslagsspel endre

Johansen deltok i 3 landskampar, alle under ei turnering i Australia i januar 1997. Noreg tapte mot Sør-Korea og Australia, mot New Zealand vart det siger 3–0. Johansen kom ikkje på skåringslista.

Merittar endre

  • Vinnar av Allsvenskan: 1999 med Helsingborg IF
  • Tapande NM-finalist: 2003 med Bodø/Glimt
  • Sølv i eliteserien: 2003 med Bodø/Glimt
  • Bronse i eliteserien: 1995 med Bodø/Glimt

Kjelder endre