Stigen eller Stige er ein liten gard i Fana i Bergen. Garden ligg opp i åssida nord for Kalandsvatnet og strekkjer seg nordover til Stignavatnet. Stigen ligg noko utanfor allfarveg og berre ein bratt grusveg fører opp til garden frå Osvegen.

Stigen
stad
Stigen
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5229 KALANDSEIDET
Gardnummer 80

Namn endre

Garden har fått namn av at han ligg i ein ås med bratt oppstigning.

Historie endre

Garden høyrte i mellomalderen til Lyse kloster og etter reformasjonen til Lyseklostergodset. Brukarane på garden vart sjølveigarar i 1872.

Geografi endre

Garden ligg i åsane nord for Kalandsvatnet og strekkjer seg over på andre sida mot Stignavatnet. Garden grenser i nord til Fjellbirkeland i vest til Øvre Sandven, i sør og aust til Nedre Sandven og i nordaust til Hedno.

Kjelder endre