Stiklestad

grend i Verdal kommune

Stiklestad er ein stad og eit sokn i Verdal kommune i Trøndelag. Her stod den 29. juli 1030 eit av dei mest kjente slaga i noregshistoria, slaget på Stiklestad. I den samanhengen vert spelet om Heilag Olav framført her kvar sommar.

Stiklestad kyrkje

Stiklestad Nasjonale Kultursenter er eit aktivt senter med museum, friluftsscene, gravfelt, Stiklestad kyrkje, kurs, konferansesenter, restaurant og hotell. I nærområdet ligg Stiklestad barneskole.

Historikk endre

Kong Olav Haraldsson, støtta av mellom anna svenske og islandske fylgjesmenn, møtte ein norsk bondehær som var leidd av mellom anna Kalv Arneson, Hårek frå Tjøtta og Tore Hund. Slaget enda med at kongen fall. Gjennom dauden sin på Stiklestad vart Olav Haraldsson til Heilag-Olav og St. Olav, martyr for kristendommen og Noregs helgenkonge. Festdagen hans, Olsok, vart lagt til datoen for slaget, og vart den viktigaste norske kyrkjefesten i mellomalderen. Offisiell flaggdag frå 1930. Ei kyrkje vart reist på staden der Olav fall. Steinen han hella seg mot då han døydde vart etter tradisjonen bygd inn i alteret. Til kyrkja gjekk det valfartar i mellomalderen. Den noverande, rundboga langkyrkja skriv seg frå 1100-talet. Ho vart restaurert 1928 før Olavsfesten og dekorert av Alf Rolfsen. Under restaureringa kom gamle veggbilete for dagen. Eit nytt katolsk kapell vart innvigd på Olavsdagen 1929. Hovudbygningen på Stiklestad gård frå 1700-talet står no på Norsk Folkemuseum. Stiklestad er også namn på fleire andre gardar.

Fyrste ledd i namnet er visstnok elvenamnet Stikl, til stikle, 'hoppe'.

Bilete endre

Utsyn over Stiklestad, med Stiklestad kyrkje til venstre

Kjelder endre

«Stiklestad» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

63°47′46.6″N 11°33′38.9″E / 63.796278°N 11.560806°E / 63.796278; 11.560806