Stilleben (frå tysk Still-leben, tyder 'stilt liv') er ein måleri- og fototeknisk stil, der livlause gjenstandar er samla eller oppsett. Gjenstandane som vert avbilda er svært ofte ulike matrettar, eller òg blomar og blomeoppsatsar. Omgrepet kjem opphavleg frå nederlandsk stilleven. I fransk nyttar ein nemninga nature morte ('daud natur') for den same stilen.

Gustav Flegel: Frukostbilete med sild, krukke og eikehjort

Opphav endre

Før 1600-talet endre

 
Ambrosius Bosschaert: Stilleben af blomster

Stilleben kan sporast heilt tilbake til tidleg orientalsk og egyptisk kunst. Veggmotiva i gamle egyptiske gravmåleri har ofte med mat og bruksgjenstandar, eit uttrykk for det behovet dei døde har i sin neste eksistens. Dei gamle grekarane og romarane har òg nytta denne stilen. Dei la mest vekt på det dekorative, døme på dette er frisene i Pompei og legenda om Zeuxis og Parrhasius, ho fortel om det verd ein på den tid sette på kunstnariske ferdigheiter.

1600- til 1900-talet endre

Først mot slutten av mellomalderen og tidleg i renessansen dukka omgrepet opp som ein sjølvstendig stilart. Kunstnarane la stor vekt på oppsetjing, plassering, utforming og lyssetting, uavhengig om motiva var religiøse eller ikkje. Stilen breidde seg særleg i Nord-Europa, og dei første referansane til ein eigentleg stilart er frå Nederlanda i 1650-åra. Seinare har målarar utvikla stilen til eit fullstendig naturtru avtrykk av oppstillingane. Nokre kunstnarar la vekt på særlege motiv. Mellom desse finn ein Jan van Huysum med sine blomar, Jan van Eyck med religiøse ikonar, Abraham van Beyeren med fisk og Jean Siméon Chardin med mat. Desse vert rekna for å ha vore dei som i størst grad har utvikla stilarten.

Drivkrafta for særleg hollendarane var den reformerte, hollandske kyrkja, som på 1500-talet etterspurde religiøs kunst til dei mange kyrkjehusa. Dette skapte eit behov for alternative stilartar med religiøse påminningar.

Motiva var ofte overdådige bankettar med fine dukar og bestikk, dekt med lekre og eksklusive matrettar, og store overdådige bukettar av sjeldne og dermed dyre blomar, eller symbol på daude og elende med knoklar og kranium, timeglas eller eit nesten nedbrunne lys, dei siste såkalla vanitas-motiv. Alle desse motiva kunne gje eit alibi i høve til dei strenge religiøse påboda, då det ofte var mogleg å tolke dei som utsegner om overflod og fåfengd. Ser ei nærare på bileta frå denne perioden, kan ein ofte ane at frukta er overmoden, og at det kan vere både fluger og andre skadedyr til stades. Utbreiinga var særleg stor i Flandern, Spania, det nordlege Italia og Frankrike. I Frankrike var adelen den leiande drivkrafta, men der ynskte ein ikkje å ha med dei moralske undertonane. Rokokkotida gav høve til ein grensegang, med stilen trompe-l'œil (fransk for «å narre auget») som resultat.

 
Philippe de Champaigne: Kraniet

Med danninga av regulære kunstakademi oppstod ei formell utdanning til målarkunsten. Der lærte ein om dei ulike stilartane og deira rangordning (hierarki). Stilleben låg i lang tid på botnen av denne rangordenen, medan religiøse og historiske motiv var øvst. Først då skulekunsten sjølv hadde vorte ein del av kunsthistoria, fekk stillebenet ein renessanse. Både impresjonistane og postimpresjonistane var meir opptatt av den tekniske attgjevinga, enn av det som var modell for attgjevinga. Stillebenet var då veleigna, og vann åtgaum. Henri Fantin-Latour er nesten utelukkande kjend for sine stilleben og Vincent van Goghs Solsikker er eit godt døme på stilleben, medan Paul Cézannes geometriske behandling av gjengjevinga opna nye fortolkingar om kva stilleben kunne vere.

Stilleben på 1900-talet endre

Vidareføringa frå Cézannes stilleben finst hos mange av dei store kunstnarane i perioden 1900-1920. Både Pablo Picasso, Georges Braque og Juan Gris måla stilleben, ofte med musikkinstrument. Derifrå gjekk vegen vidare til den syntetiske kubismen, som var oppteken av collaget som kunstform.

I USA, der kunstnarane var upåverka av akademiske restriksjonar, var stilleben tidleg på 1900-talet konsentrert omkring Philadelphia. Kombinasjonen av den amerikanske realismen og kubismen gav verk av ein særskild variant, skapt av kunstnarar som Georgia O'Keeffe, Stuart Davis og Marsden Hartley, dessutan tidlege fotografiske verk av Edward Weston.

 
Det klassiske temaet i eit moderne snitt

Mykje popkunst, til dømes Andy Warhols "Campbell's Soup Cans", er avleia frå klassisk stilleben. Sjølve utgangspunktet for verka er korkje naturtru avspegling eller geometriske utfordringar, men å syne fram kommersielle produkt og derigjennom sjølve kommersialismen.

Med den fototekniske utviklinga vart det laga fotografiske utgåver av stilleben, såkalla fotorealisme. Opp gjennom 1970-åra blomstra stilleben på ny, men då som fotografi.

Prosessorkrafta i moderne datamskinar gjorde det med tida mogleg å rendere motivet i stilleben, og nokre av dei første og mest klassiske renderingar er av stillebenmotiv. Innføringa av digitalkamera og den lettare tilgangen til avansert fotoutstyr, har gjeve stilleben endå ein renessanse. Oppstillinga av moderne stilleben vert direkte overført til datamaskina, der dei vert redigert med eit biletbehandlingsprogram som til dømes Photoshop.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Alpers, Svetlana: The Art of Describing: Dutch Art in the Seventeenth Century, Chicago: University Of Chicago Press 1984. ISBN 0-226-01513-0
  • Bryson, Norman: Looking at the Overlooked: Four Essays on Still Life Painting (Essays in Art and Culture), Cambridge i Massachusetts: Harvard University Press 1991. ISBN 0-674-53906-0
  • Ebert-Schifferer, Sybille: Still Life: A History, New York: Harry N. Abrams 1999. ISBN 0-8109-4190-2
  • Sander, Jochen; The Magic of Things, Berlin: Hatje Cantz 2008. ISBN 3-7757-2207-6