Stillits

art av sporvefuglar
Stillits
C. c. carduelis
C. c. carduelis

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av stillits
Utbreiinga av stillits
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Carduelis
Art: Stillits C. carduelis
Vitskapleg namn
Carduelis carduelis

Stillits (Carduelis carduelis) er ein art i finkefamilien (Fringillidae) og éin av tre artar i slekta stillitsar (Carduelis).[2] Arten finst i det meste av Europa og er relativt talrik austover til Kaspihavet, medan den blir meir sparsam lenger mot aust. Arten er livskraftig ifølge IUCNs raudliste,[3] men han er sterkt truga av krypskyttarverksemd i det nordvestre Afrika (spesielt i vestre Maghreb).[4][5] I Noreg hekkar han hovudsakleg på Austlandet.[6] Reiret vert ofte plassert i hagar og parkar. Det er godt kamuflert, ofte høgt i eit tre. Stillits kan leggja egg frå byrjinga av mai til godt ut i juli.

Taksonomi endre

Stillits består som 12 underartar, fordelt i to distinkte klader. Nokre vel å dele disse kladene i to sjølvstendige artar; stillits (C. carduelis) og auststillits (C. caniceps). Det er ikkje semje om denne delinga.[2]

C. c. loudoni blei tidlegare kalla C. c. brevirostris, medan C. c. major tidlegare blei kalla C. c. frigoris.[2]

Biologi endre

 
C. c. caniceps skil seg frå nominatforma gjennom ei gjennomgåande mørkare fjørdrakt
 
Stillitsegg

Stillits er liten til mellomstor i storleik. Veststillitsar blir cirka 10,5–13,5 cm lange og veg typisk kring 9,5–24 g, unnatatt ssp. major som typisk veg kring 22–30 g, medan auststillitsar gjerne blir cirka 13–15,5 cm lange og veg typisk kring 16–19 g.[2]

Fjørdrakta har stor fargeprakt, med innslag av ulike gråtonar, bleikbrunt, raudt, sitrongult, svart og kvitt.[7] Når den i tillegg er ein flink songar, er det ikkje rart at den er populær i Mellom-Europa – diverre så populær at den blir fanga og sett i bur. I forrige hundreåret var den så etterspurd som burfugl i England at det vart dreve regulær fuglehandel, og opptil 132 000 stillitsar vart fanga på eitt år.

Her i landet er stillitsen ein mindre vanleg fugl og blir mest sett om hausten og vinteren. Den streifer då omkring i små flokkar, gjerne i tettbygde stråk, og besøker byløkker og andre opne stader der det veks borre, tistel og andre høge korgplantar. Frø av slike ugrasplantar, som stikk opp over snøen, er stillitse si viktigaste vinterføde, som tistel, borre, høymol og andre høge ugrasplantar, men òg litt bjørkefrø og insekt inngår i kosten. Fuglen er tillitsfull og lar seg ofte betrakte på nært hald. Vår og sommar ser vi den relativt sjeldan. Den hekkar årleg fleire stader rundt Oslofjorden, og det er òg funne reir på Jæren og Lista.

Det pussige namnet har stillitsen fått på grunn av lokketonane, som ofte blitt gjengitt som «stiglitt». No er ei bokstavleeg attgjeving av fuglelåtar vanskeleg, og somme fuglebøker gjengir lokketonane som «pu-ppupi-pupipupi». Varselropet er eit mjukt «ææi». Songen er ei ganske vakker, flytande kvitring som minner om kanarifugltriller, oppblanda med variantar av lokkeropet. Både hannen og hoa syng.

I Norge hekkar arten hovudsakleg kring OslofjordenAustlandet og, om enn meir sparsomt, i eit breidt belte rundt kysten opp til Trøndelag, der den er mest talrik i områda mellom Trondheim, Stjørdal, Levanger, Ørland og Hitra, og på øya Grip utanfor Kristiansund. Streifflokkar er å sjå særleg haust og vinter i låglandet over det meste av Sør-Noreg, men fuglen er meir sjeldan over Hardangervidda. Nordover frå Trøndelag blir han gradvis meir uvanlig, men ifølge Artsdatabanken er den observert heile vegen nordover til russegrensa. Den er dels stand- og streiffugl, men nokre individ trekk om vinteren sørover til kontinentet.

Reiret blir ofte plassert i hagar og parkar. Hoa bygger eit vakkert reir av frødun, røter, gras, mose og hår. Det er godt kamuflert, ofte høgt i eit tre. Stillitsen kan legge egg frå starten av mai til godt ut i juli, 4–6 egg som er blåkvite med brunlege flekkar som blir ruga av hoa i cirka 13 dagar. Hannen bringer mat, ungane blir fôra med oppgulp og flyg etter cirka 16 dagar.

Stillitsen i kulturell samanheng endre

Stillitsen er nytta av ei rekke kunstnarar i ulike samanhengar. Antonio Vivaldi skreiv Konsert i D-dur for fløyte med tilnamnet «Il Gardellino» (italiensk for stillits), der fløyta etterliknar songen frå fuglen. Carel Fabritius måla eit bilete av ein stillits i 1654, og dette bilete spelar ei viktig rolle i romanen Stillitsen (2013) av Donna Tartt.

Inndeling endre

Inndelinga og rekkefølgja hennar følger Birds of the World og er i samsvar med Clement, del Hoyo, Collar & Kirwan (2020) (2020).[2] Norske namn på artane følgjer Norsk namnekomité for fugl og er i samsvar med Syvertsen et al. (2008).[8] Namn og skildringar i parentes er ikkje offisielle namn, men berre mellombels til offisielle namn vert fastsett.

Treliste

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av stillits Carduelis carduelis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Clement, P., J. del Hoyo, N. Collar, and G. M. Kirwan (2020). European Goldfinch (Carduelis carduelis), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.eurgol.01
  3. Collar, N., Newton, I. & Bonan, A. (2017). Finches (Fringillidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona
  4. Khelifa, R., Zebsa, R., Amari, H., Mellal, M.K., Bensouilah, S., Laouar, A. & Mahdjoub, H. (2017) Unravelling the drastic range retraction of an emblematic songbird of North Africa: potential threats to Afro-Palearctic migratory birds. Scientific Reports 7: 1092.
  5. Eduardo de Juana (19 May 2017) The European Goldfinch is severely threatened by poaching in northwest Africa. In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona
  6. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022. 
  7. Clement, P. (2019). European Goldfinch (Carduelis carduelis). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from https://www.hbw.com/node/61359 on 30 December 2019).
  8. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening. www.birdlife.no (publisert 22.5.2008). Besøkt 2016-08-07

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stillits
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Carduelis carduelis