Sir Stirling Craufurd Moss (fødd 17. september 1929) er ein tidlegare motorsportførar frå England. Han er sonen til Indy 500 deltakaren Alfred E. Moss og bror til Pat Moss, den kvinnelege rallyføraren som gifta seg med svensken Erik Carlsson. Moss var ein allsidig førar som konkurrerte i ei rekkje billøp, som inkludert formel 1. Han vann ei rekkje billøp, men vann aldri meisterskapet.

Stirling Moss

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 17. september 1929
West Kensington
Død

12. april 2020 (90 år)
Mayfair, London

Yrke Formel 1-førar
Språk engelsk
Far Alfred Moss
Nettstad https://www.stirlingmoss.com
Stirling Moss på Commons
Stirling Moss ved Nürburgring-bana i 1961.

Stirling Moss køyrde i bilar som Maserati, Vanwall, Cooper, og Lotus, i tillegg til Mercedes-Benz Han føretrekte helst britiske bilar. "Better to lose honorably in a British car than win in a foreign one" skal han ha sagt.[1] Arkivert 2013-08-12 ved Wayback Machine.

I 1961 vart han kåra til "Sports Personality of the Year" av BBC. Året etter vart Moss hardt skada i eit Glover Trophy-løp i Sør-England. Han kom seg frå ulykka, men den aktive motorsportkarriera for Moss var over. Han har likevell delteke i British Touring Car Championship i 1980 og eit par klassiske billøp med historiske bilar.

Moss var lenge den mest suksessfulle engelske motorsportutøvaren når det gjeld talet på sigrar, men i 1991 vart han slått av Nigel Mansell, etter å ha delteke i fleire løp enn Moss.

I James Bond-filmen Casino Royale, spelar Stirling Moss rolla som Evelyn Tremble (Peter Sellers) sin sjåfør.

Bakgrunnsstoff endre