Stitsjfugl

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Stitsjhonningetar)
Stitsjhonningetar
Stitsjfugl Foto: Tony Wills
Stitsjfugl
Foto: Tony Wills
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Notiomystidae
Slekt: Notiomystis
Art: Stitsjhonningetar N. cincta
Vitskapleg namn
Notiomystis cincta

Stitsjfugl, Notiomystis cincta, er ein sjeldan honningetarliknande fugl endemisk for Nordøya og tilstøytande øyar på New Zealand, og han er einaste medlemmen av slekta Notiomystis. Slekta er plassert i sin eigen familie, Notiomystidae. Stitsjfugl har vore nær utrydda, men ein populasjon overlevde på Little Barrier Island, og arten har blitt gjeninnført på tre andre øyreservat og på to stader på Nordøya. Evolusjonsrelasjonane for arten har lenge forundra ornitologar.

Skildring endre

Stitsjfugl er ein ca. 18 cm lang sporvefugl med ei mørk fløyelsmjuk hette og kvite øyreduskar. Hannar har eit gult band over brystet som skil det svartfarga hovudet og halsen frå resten av fjørdrakta som er grå. Hoer og ungar er mattare enn hannar, dei manglar det gule brystbandet og hovudet er grått. Nebbet er ganske tynnt og noko bua, og tunga er lang med ein børste på enden for innsamling av nektar. Stitsjfuglar er svært aktive og skaper ofte lyd. Den mest vanleg lydytringa deira, ein 'tzit tzit'-lyd, truleg er det kjelda til trivialnamnet på engelsk 'stitch', han «har ein fantasifull likskap med ordet 'stitch'».[1] Dei har òg ein skarp fløytetone og ein alarmtone som læt som ein nasal 'pek'. Om våren gjev ofte hannfuglar ei gjennomtrengjande tre-tone fløyting, og ei rekkje andre lydytringar som hofuglen manglar i sitt repertoar.

Føde endre

Forsking har ymta om at dei står overfor interspesifikk konkurranse frå maorihonningetar og tuihonningetar, og vil finne føde av lågare kvalitet matkjelder når desse artane er til stades. Stitsjfuglar går sjeldan ned på bakken og sjeldan på blomar på dei store trekronene som maorihonningetar og tuihonningetar føretrekkjer, dette kan vere på grunn av konkurransen frå dei meir aggressive og større fuglane.

Den vektigaste føda er nektar, men dietten åt stitsjfugl dekkjer over tjue artar av lokale planteartar og tretti artar av frukt og dessutan mange artar av introduserte plantar. Vektige naturlege nektarkjelder er haekaro, matata, puriri, rata, Metrosideros robusta og toropapa, Alseuosmia macrophylla. Føretrekt frukt inkluderer Coprosma-artar, Pseudopanax arboreus, pate, Schefflera digitata, kotukutuku, Fuchsia excorticata og raukawa.

Stitsjfuglar supplerer òg kosten med små insekt.

Hekking endre

Stitsjfuglar hekkar i hol høgt oppe i gamle tre.[2] Dei er dei einaste fugleartene ein kjenner der hannen femner nebbet til hofuglen med eiget nebb i samband med paring,[3] i tillegg til den meir konvensjonelle kopulasjonsvanen for fuglar, der den hannar klatrar på ryggen til hoa.[4]

Utbreiing og vern endre

Stitsjfuglar var ein relativt vanleg art tidleg under den europeiske koloniseringa av New Zealand, men byrja å minke relativt raskt etterpå, fram til han var utdøydd på fastlandet, og på mange øyar innan 1885. Den siste rapporten for arten på fastlandet var i Tararua Range i 1880-åra.[5] Den eksakte årsaka til nedgangen er ukjent, men blir rekna å vere press frå innførte artar, spesielt frå svartrotte, og dessutan frå introduserte fuglesjukdomar. Berre ein liten bestand på Little Barrier Island overlevde. Frå 1980-talet av starta New Zealand Wildlife Service flytting av mengder av individ frå Hauturu til andre øyreservat for å opprette sjølvstendige populasjonar. Desse øyane vart ein del av New Zealand nettverk av område som har vorte rydda av introduserte artar, òg for å verne andre sjeldne artar inkludert kakapo og takahe.

I dag er verdsbestanden estimert til mellom 500 og 2000 vaksne individ,[6] dei overlever på Hauturu (Little Barrier Island), Kapiti Island, Tiritiri Matangi Island, Mokoia Island i Lake Rotorua, Karori Wildlife Sanctuary og Waitakere Ranges. Bestanden på Tiritiri Matangi veks sakte, men meir enn halvparten av ungane som blir klekt døyr av svolt på grunn av mangel på hogstmoden skog,[7] det meste av øya vart planta i perioden 1984 til 1994, etter tidlegare avskoging. Berre på Little Barrier Island er populasjonen rekna å vere stabil frå 2007.[8]. Denne arten er klassifisert som 'sårbar (D1 D2)' av IUCN.[8] Denne klassifiseringa tyder at det er mindre enn 1000 eldre fuglar, og at arten vart funne berre på i fem ulike stader.

Gjeninnføring på fastlandet endre

I 2005 vart 60 stitsfuglar sette ut i Karori Wildlife Sanctuary i nærleiken av Wellington, og i oktober same år, vart tre stitsfuglungar klekt der, for første gong på over 120 år på fastlandet New Zealand. Tilsette ved reservatet skildra hendinga som eit vektig vendepunkt for vern av arten.[5]

Hausten 2007 blei 59 vaksne fuglar frå Tiritiri Matangi-populasjonen flytta til Cascade Kauri Park, i Waitakere Ranges nær Auckland,[7][9] og ved utgangen av året vart dei første ungane flygedyktige der.[7]

Taksonomi endre

Stitsjfugl vart opphavleg skildra som ein medlem av honningetarfamilien Meliphagidae. Slik har han vore klassifisert fram til nyleg. Genetiske analysar viser at han ikkje er nært relatert til honningetarar, og at dei næraste slektningane er kokakoar, Callaeatidae, også dei endemiske til New Zealand.[10][11][12] I 2007 vart ein ny sporvefuglfamilie oppretta for stitsjfugl, kalla Notiomystidae.[11][13]

Kjelder endre

  • Angehr, George R. (1985): Stitchbird, NZ Wildlife Service
  • Anderson, Sue (1993): Stitchbirds copulate front to front. Notornis 40(1): 14. PDF fulltext
  • Barker, F.K., Cibois, A., Shikler, P., Feinstein, J., and Cracraft, J. (2004) Phylogeny and diversification of the largest avian radiation. Proceedings of the National Academy of Sciences, USA 101 (30):11040-11045
  • BirdLife International (BLI) (2007a): Hihi returns home after 125 years. Includes photo of adult male. Version of 23 February 2007. Retrieved 26 February 2007.
  • BirdLife International 2008. Notiomystis cincta. I: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4. <www.iucnredlist.org>. Lese november 2010. Nettsida har grunngjeving for status 'sårbar' hos IUCN raudliste.
  • Buller, Walter L. (1888): Fam. TIMELIPHGIDÆ — Pogonornis Cincta. — (Stitch-Bird.), in his A History of the Birds of New Zealand, Second Edition. London: Walter Buller. Accessed 26 April 2009.
  • Driskell, A.C., Christidis, L., Gill, B., Boles, W.E., Barker, F.K., and Longmore, N.W. (2007) A new endemic family of New Zealand passerine birds: adding heat to a biodiversity hotspot. Australian J. Zoology 55 1-6
  • Ewen, J.G. & D.P. Armstrong (2002) : "Unusual sexual behaviour in the Stitchbird (or Hihi) Notiomystis cincta". Ibis 144 (3): 530-531 doi:10.1046/j.1474-919X.2002.00079.x
  • Ewen, J.G., Flux, I., and Ericson, P.G.P. (2006) Systematic affinities of two enigmatic New Zealand passerines of high conservation priority, the hihi or stitchbird Notiomystis cincta and the kokako Callaeas cinerea. Molecular Phylogenetics and Evolution 40 281-284 doi:10.1016/j.ympev.2006.01.026 PDF fulltext
  • Gregory, Angela (2007): Waitakere hihi prepare for flight. New Zealand Herald 17 December 2007.
  • Gregory, Angela (2007): Mysterious bird in a league of its own. New Zealand Herald 17 March 2008.
  • Karori Wildlife Sanctuary (KWS) (2005): First hihi hatched in the wild on mainland NZ. Version of 2005-OCT-31. Retrieved 26 February 2007.
  • Rasch, G (1985). "The ecology of cavity nesting in the stitchbird (Notiomystis cincta)". New Zealand Journal of Zoology 12 (4): 637-642

Fotnotar endre

  1. Buller 1888, s. 102
  2. Rasch, 1985
  3. Anderson, 1993
  4. Ewen & Armstrong 2002
  5. 5,0 5,1 KWS 2005
  6. BirdLife International (2010)
  7. 7,0 7,1 7,2 Gregory, 2007
  8. 8,0 8,1 BirdLife International 2007b
  9. BLI, 2007a
  10. Barker et al. 2004
  11. 11,0 11,1 Driskell et al. 2007
  12. Ewen et al., 2006
  13. Gregory, A. 2008

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stitsjfugl