65°46′20.507″N 12°32′56.879″E / 65.77236306°N 12.54913306°E / 65.77236306; 12.54913306 Stokkafjorden er ein fjord i Vevelstad, Vefsn og Alstahaug kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Mindværfjorden og strekkjer seg 7,5 km nordover til Tangsundet og innløpet til Halsfjorden. Fjorden ligg på austsida av Trolandet på Rødøya og Flatøya.

Fjorden har innløp mellom Stokka, som har gjeve namn til fjorden, i sør og Lauvøyneset på Trolandet i nord. Frå Stokka går det ferje over fjorden til Trolandet og sørover til VågsoddenHamnøya og Forvika ved Mindværfjorden. Tangsundet i nord går vidare nordover til Vefsnfjorden.