Stokkebåten frå Vaalermoor

Stokkebåten frå Vaalermoor vart funnen i Vaalermoor i Schleswig-Holstein. Det er ein utspent stokkebåt som er laga av ein eikestokk. Han har vore 12,3 meter lang, 1,3 meter brei og 0,57 meter djup. I den uthola båten er det elleve tverrband i botn og sider, noko ein kjenner frå andre utspente stokkebåtar. Han smalnar i båe endar, som har form som ein enkel kjøl.

Stokkebåten frå Vaalermoor finn ein i sjøfartsmuseet i Bremerhaven.

Stokkebåten er utstilt i det tyske sjøfartsmuseet i Bremerhaven.

Det er truleg at dei første samansydde klinkbygde båtane har vorte utvikla frå denne stokkebåttypen. Han er datert til eldre jarnalder, til 100-talet.[1]

Kjelder endre

  1. Gawronski, Jerzy; Holk, André van; Schokkenbroek, Joost (30. juni 2017), Ships and maritime landscapes: Proceedings of the Thirteenth International Symposium on Boat and Ship Archaeology, Amsterdam 2012 (på engelsk), Barkhuis, ISBN 978-94-92444-14-1, henta 22. september 2023 
  • Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S, OSLO 2022, ISBN 978-82-530-4310-4

Bakgrunnsstoff endre