Stokken kyrkje
Stokken kyrkje er ei langkyrkje frå 1879 i Arendal kommune i Agder.
Stokken kyrkje | |||
Stokken kirke | |||
Foto: Karl Ragnar Gjertsen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Arendal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Arendal | ||
Sokn | Stokken | ||
Fellesråd | Arendal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | J.C. Reuter | ||
Teknikk | Bindingsverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 13. august 1879 | ||
- Endringar | 1954, 1979, 1996 | ||
Klokker | 2, O. Olsen & Søn, 1879 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1879 | ||
Døypefont | 1879 | ||
Altartavle | Bilete måla av Hedvig og Bernt Lund, i nygotisk ramme av Ludvig Karlsen | ||
Orgel | J.H. Jørgensen, 1928 | ||
Sitjeplassar | 400 | ||
Stokken kyrkje 58°29′31″N 8°50′39″E / 58.49185°N 8.84408333°E | |||
Wikimedia Commons: Stokken kirke | |||
Kyrkja vart teikna av J.C. Reuter og oppført av byggmeister Carl D. Svendsen. Dei same teikningane vart seinare nytta ved oppføringa av Færvik kyrkje og Bjorbekk kyrkje. Kyrkja har eit tilbygg frå 1996 med sal til kyrkjelyden og ungdomslokale.
Altertvala er måla av Hedvig og Bernt Lund, og har ei nygotisk ramme av Ludvig Karlsen.
Kyrkjegarden, som vart teken i bruk året før kyrkja, er nokså kupert og dels terrassert.
Litteratur endre
- Ellingsen, Svein; Enggrav, André; Jørgensen, Erling Magnar (1979). Stokken kirke 100 år. Stokken menighetsråd.
- Nenseter, Bjarne (1992). «Stokken kirke». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 18-19. ISBN 82-7627-003-4.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 474. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff endre
- «Stokken kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Stokken kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren