For andre tydingar av oppslagsordet, sjå stol på strengeinstrument. For fjellet, sjå Stol i Slovenia.

Ein stol er eit møbel eller anna innretning til å sitja på, kjenneteikna av å ha ryggstø i tillegg til setet, og plass til ein person. Stolen er meir komplisert enn ein krakk, i og med at han har eit ryggstø. Stolar har som regel fire bein, og av og til armlener. Dei kan gå frå å vera enkle pinnestolar av tre til store, stoppa lenestolar, konge-, dronning- og keisartroner, svingstolar og arbeidsstolar i ymse utformingar.

Pinnestolar frå Småland i Sverige.
Elfenbeinstrona til Ivan den skrekkelege av Russland.
Foto: Stan Shebs

Stolar har ofte vore statussymbol. Ikring i verda, både til dømes i Europa og Vest-Afrika før koloniseringa, hadde ein kongestolar som berre leiarane kunne sitja i. I vikingtida og mellomalderen i Noreg og Europa var det òg vanleg at berre stormennene sat på stolar, medan vanlege folk måtte sitja saman på benkar.

Nemninga «stol» vert dessutan nytta i ordsamansetjingar i andre og ulike samanhengar, som til dømes domstol, preikestol i kyrkjer, talestol (til bruk for dei som taler til forsamlingar), takstol (som er ein berande konstruksjon i tak på bygningar), heisstol (som er kabinen i ein heis), og dessutan om den innretninga på strengeinstrument som held strengane opp frå resonanskassa.

Stoltypar endre

Stolar finst i mange variantar, flyttbare eller festa fast til underlaget, både i hus og heim, på arbeidsplassar, i bilar, fly, tog, båtar og så vidare. Nokre vanlege typar er: