Stor norsk rimordbok

Stor norsk rimordbok, skriven av Kolbjørn Hauge, er ei ordbok som listar opp rimord under alfabetisk sorterte rimendingar. Rimendingar er ei eller fleire lydrett skrivne endestavingar, og byrjar alltid med ein trykksterk vokal.

Stor norsk rimordbok omfattar alle brukande ord frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Rima tar omsyn til uttale av stumme konsonantar og uttalekvalitet for vokalar, og dei tar omsyn til tonelag. Først i boka er det ei kort innføring om rim og riming.

Kjelde endre

  • Kolbjørn Hauge: Stor norsk rimordbok, Det Norske Samlaget 2000 (2. utgåva). ISBN 82-21-5532-4