Storby

by med over 100 000 innbyggjarar

Storby eller metropol er omgrep for byområde med innbyggjartal over ei viss mengd, visse institusjonar eller ein særskild status. Definisjonen varierer mellom land, og langt frå alle skil mellom «by» og «storby». Det er ikkje berre folketalet som er viktig for kva ein reknar som storby, men også oppfatningar av slike byar som nasjonale eller internasjonale sentrum, og ein viss arkitektur, infrastruktur og levesett. I kulturen er storbyar blitt knytte til kjensler av framandgjering, men også moglegheiter og multikulturalisme.

Definisjonar endre

 
Tromsø er ein storby etter norsk målestokk, men ikkje etter tysk.

I Noreg reknar ein byar med over 50 000 innbyggjarar som storbyar. I Storbymeldingen frå Stortinget i 2003 var Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø omtalte som storbyar. Rundt halvparten av nordmenn bur i ein av desse byane.

Nederland har ikkje nokon offisiell definisjon for storby, men reknar også gjerne byar med over 50 000 innbyggjarar som dette (stad) medan mindre byar kan kallast småbyar (kleine stad eller stadje). I Tyskland reknar ein byar med over 100 000 innbyggjarar som storbyar (Großstadt).

 
Birmingham i 1886. Den andre største byen i England fekk først storbybystatus i 1889, då han hadde rundt ein halv million innbyggjarar.

I britisk samanheng har kva som er rekna som byar (town) og storbyar (city) vore knytt til offisiell status. Byar er blitt grunnlagde gjennom kongelege bybrev, og storbyar har vore dei byane som hadde domkyrkje eller særskild kongeleg tilknyting. Dette har ført til nokså ujamn statusfordelingar gjennom tidene, der den vesle byen Ripon hadde status som city lenge før mykje større folkesamlingar som Birmingham, Leeds og Sheffield hadde det.

I den tidlegare britiske kolonien USA varierer skilnaden mellom town og city frå stat til stat, slik at alle bustader med «bybrev» i til dømes Nord-Dakota blir rekna som city same kor mange innbyggjarar dei har. Samstundes finst det også svært store byar som framleis blir kalla town, til dømes Town of Hempstead i New York med eit folketal på 755 785 i 2004.

Portugal har tradisjonelt skild mellom byar (vila) og storbyar (cidade). Skilnaden er nedfelt i lovverket. Ein storby må ha minst 8 000 veljarar (rundt 10 000 innbyggjarar) og minst halvparten av desse tenestene: Sjukehus, apotek, brannvesen, teater/kulturhus, museum, bibliotek, hotell, barne- og ungdomsskule, offentleg transport, parkar. Byar med særskilde historiske, kulturelle eller arkitektoniske særmerke kan få storbystatus sjølv om dei ikkje oppfyller alle krava. I den tidlegare portugisiske kolonien Brasil har ein derimot ikkje ei slikt skilje. Byar som er administrasjonssentrum for ein kommune (município) er rekna som cidade sjølv om dei skulle vera svært små.

Kjelder endre


  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.