Store Lungegårdsvann

våg i Bergen, Noreg

Store Lungegårdsvann er ein våg i Bergen kommune i Hordaland, som ligg i overgangssona mellom Bergen sentrum og bydelane i sør. Vågen var opphavleg ein arm av Puddefjorden, og har framleis utløp til Puddefjorden i eit smalt sund under bruene Gamle og Nye Nygårdsbro.

Store Lungegårdsvann nede til høgre på fotografiet, og eit glimt av Puddefjorden til venstre.
Store Lungegårdsvann
Foto: Nina Aldin Thune

I daglegdagtale vert Store Lungegårdsvann gjerne kalla Storelungeren, i motsetnad til det vesle Lille Lungegårdsvann, som i daglegtalen har namnet Smålongeren, og som tidlegare òg hadde vore ein arm av Puddefjorden via Store Lungegårdsvann, men no er eit innelukka vatn som ligg som eit slags kunstig tjern midt i Bergen sentrum. Det opphavlege seglbare sundet mellom desse to vatna vart fylt att i 1926, og i 1937 vart det opparbeid park kring det minste av vatna.

Namna kjem av eigedomen Lungegården, ein herregard som var eigd av riksråd Vincent Lunge (om lag 1483-1536), bygd opp av det som i mellomalderen hadde vore kjerna i det godset som låg under Nonneseter kloster ved nordenden av Store Lungegårdsvann. I mellomalderen hadde Store Lungegårdvannet namnet Alrekstadvågen etter kongsgarden Ålrekstad attmed Store Lungegårdsvann.

Historie endre

1930-talet var Store Lungegårdsvann eit attraktivt rekreasjonsområde med båthamner og strandbreidder der byfolk heldt seg på fine dagar. Men frå 1950-talet og frametter vart vatnet sett på som ein ressurs for byen for å skaffe areal til vegar, jarnbaneområde og byggjegrunn. Som ei fylgje av dette har austre breidda lenge vore ein «bakgard» prega av mange tilfeldige utfyllingar, og med ei utilgjengeleg og lite attraktiv strandsone. Gamle Nygårdsbro går over sundet mellom Store Lungegårdsvann og Puddefjorden, og har frå 1938 vore ei vippebru som sleppte dampbåten gjennom, men som no er ei fast bru etter utbygginga av trikkelinja Bybanen frå sentrum og sørover. Den fyrste brua her vart bygd i 1851, og ei jarnbanebru for Vossabanen vart bygd i 1882 og rive i 1917. Ei ny og stor bru for vegtrafikken vart opna i 1978 på innsida av gamlebrua.

Kjelder endre