Storebælt er eit sund mellom dei store danske øyane Sjælland og Fyn. Sidan 1997 har øyane vore forbunde via Storebæltbrua.

Storebælt
sund
Land  Danmark
Del av Danish straits, Austersjøen
Kart
Storebælt
55°19′59″N 11°00′00″E / 55.333°N 11°E / 55.333; 11
Wikimedia Commons: Storebælt
Storebælt ligg nær midten av bilete.

Storebælt er det største av dei tre sunda som knyter Kattegat til Austersjøen. Dei to andre er Lillebælt og Øresund.

Storebælt er om lag 60 kilometer langt og mellom 15 og 30 km breitt. Midt i sundet ligg dei to øyane Sprogø i nord og Langeland i sør. Storebæltbrua går over Sprogø i to delar (ei til Sjælland og ei til Fyn). I tillegg går det det ein togtunnel under sundet mellom Sprogø og Sjælland.

Biologi endre

I Storebælt kan ein finne fleire populær fiskar, som flyndre, sjøaure, torsk og horngjel.

Internasjonal vassveg endre

Storebælt har vore framkommeleg for havgåande skip gjennom heile historia, og trass i eit par kollisjonar og nestenulukker, er det framleis slik. Den danske marinen overvakar skipa som passerer gjennom sundet.

Gjennom historia har den danske regjeringa kravd skattar av skipa som segla gjennom sundet, og truga dei med å søkkje dei om dei ikkje betalte. På 1800-talet var dette etter kvart så vanskeleg at regjeringa til slutt gav det opp. Københavnkonvensjonen i 1857 gjorde dei danske sunda til internasjonalt farvatn.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Storebælt