Storfjorden på Sunnmøre

fjord på Sunnmøre
For andre fjordar med same namn, sjå Storfjorden.

StorfjordenSunnmøre er den femte lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 110 kilometer. Fjorden går frå Hareidlandet i vest til Geiranger lengst inn i landet. Den største djupna i fjorden er 679 m, vest for Skotet på sørsida og Dyrkorn på nordsida, begge stadene ligg i Stordal kommune. Desse kommunane har kyst mot fjorden: Hareid, Sula, Ålesund, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven og Ørsta.

Storfjorden på tysk kart ca 1930

Samferdsel endre

 
MF «Geiranger» (1937) gjekk i rute Valldal-Geiranger.

Det går fleire bilferjesamband over fjorden. Hareid-Sulasund, Sykkylven-Magerholm og Festøy-Solavågen er tre av landets mest trafikkerte målt etter ÅDT (gjennomsnittleg tal køyretøy dagleg).

Veg Samband Lengd[1] ÅDT 2013 Merknad
60 Sykkylven – Magerholm 3,7 km 2264 Tidlagare kalla Aursnes/Ørsnes-Magerholm
61 Hareid – Sulasundet 7,7 km 2153 Sulafjorden, Norges fjerde mest trafikkerte.
  Festøya – Solavågen 4,4 km 1651
71 Festøya–Hundeidvik 4,8 km Hjørundfjorden
655 Sæbø - Lekneset 3,2 km Hjørundfjorden
66 Lekneset–Standal–Trandal–Sæbø varierande Hjørundfjorden
60 Stranda – Liabygda 2,8 km
63 Eidsdal – Linge 2,7 km Norddalsfjorden
63/60 GeirangerHellesylt 19,9 km turistrute Geirangerfjorden
ValldalGeiranger turistrute, lagt ned 2015[2]

Tidlegare gjekk det og ferje på langs av Storfjorden. Etter opning av tunnelane mellom Linge og Overå (1975) på Fylkesveg 650 var det ferjefritt mellom Ålesund og Valldal. Då Tafjordvegen var ferdig, var det samanhengande køyreveg langs heile nordsida av Storfjord. Geiranger hadde i 1956 fått vegsamband til Eidsdal over Ørnevegen, og før den tid gjekk det bilferje frå Valldal til Geiranger (etter at Trollstigen opna). Hellesylt fekk samanhengande køyreveg via Ljøen til Stranda i 1962.

Side- og delfjordar endre

 
Den smale Tafjorden (nærast) og breie Norddalsfjorden sett mot vest.

Frå kysten mot innlandet

Bilete endre

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. juli 2017, henta 11. juli 2015 
  2. Sunnmørsposten, 10.10.2014: "Private kan ta over" (Fjord1 legg ned drift i 2015).