Storglaciären er ein isbre (svensk: glaciär) i Tarfaladalen på austsida av Kebnekaise i Lappland i Sverige.

Storglaciären
isbre
Den sørlege akkumleringssonen til Storglaciären
Område Kiruna kommun i Sverige
Type Dalbre
Areal 3,1 km²
Lengd 3,5 km
Tjukn Snitt: 93 m
Maksimum: 255[1] m
Status I tilbaketrekking sidan 1910[1]
Kart
Storglaciären
67°54′N 18°34′E / 67.9°N 18.57°E / 67.9; 18.57
Wikimedia Commons: Storglaciären

Isbreen vart først dokumentert av geologen Fredrik Svenonius og vart fotografert av han alt i 1886. Storglaciären kom til å bli hovudsakleg studieobjekt for Tarfala forskningsstation då han vart grunnlagt på 1940-talet og måleseriane av Storglaciärens massebalanse, som starta i 1946, er den lengste i verda.[2] Den langvarige forskinga som er driven på isbreen gjer at han i dag tilhøyrer dei mest kartlagde breane i verda.

Storglaciären er ca. 3,5 km lang og har eit areal på 3,1 km². Han strekkjer seg frå kring 1700 meters høgd ned til kring 1150 meter over havet. I snitt er isen 100 meter tjukk og på det meste 250 meter. Breen rykte kraftig fram på 1800-talet og nådde ein den maksimale utbreiinga si kring 1910 då han atter vart fotografert av Svenonius. Deretter har fronten trekt seg tilbake om lag 500 meter til dagens posisjon.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Holmlund, Per (15 January 2007). «Tarfala in numbers». Department of Physical Geography and Quaternary Geology. Arkivert frå originalen den 21 March 2012. Henta 21 March 2012. 
  2. «Tarfala forskningsstation - Storglaciären». Institutionen för naturgeografi och kvartärgeologi, Stockholms universitet. 28 august 2007. Henta 31. mars 2012. 
  3. Holmlund, Per och Jansson, Peter (2002). Glaciologi. ISBN 91-974541-0-9.