Ein stormbane er ei relativ smal sone i Atlanterhavet og Stillehavet der dei aller fleste ekstratropiske syklonar går. Stormbanen byrjar i den vestlegaste delen av Atlanteren og Stillehavet, der ein har store temperaturkontrastar mellom hav og land. Desse temperaturskilnadane er med på å danne desse lågtrykka, særleg om vinteren då temperaturskilnaden er størst. Friksjon frå landoverflata gjer at lågtrykka som regel raskt døyr ut når dei går innover land i den austlege enden av havbassenga. Den austlege enden av stormbanen i Atlanterhavet er området rundt Storbritannia og Noreg.

Døme på bandpassfiltrert bilete av stormbanar på den nordlege halvkula.

Eit anna døme på ein stormbane er den cirkumpolare stormbanen rundt Antarktis, men her spelar ikkje temperaturskilnaden mellom land og hav noko rolle.

Innanfor eit gjeve geopotensielt høgdefelt kan ein finne stormbanen ved teikne konturar av det midla standardavviket etter at ein har bandpassfiltrert.