Stormbringer av Deep Purple

musikkalbum av Deep Purple
Stormbringer
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 8. november 1974[1]
Innspelt August–september 1974
Studio
Sjanger
Lengd 36:31
Selskap Purple
Produsent Martin Birch & Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
Burn
(1974)
Stormbringer Come Taste the Band
(1975)


Singlar frå Stormbringer
  1. «You Can't Do It Right»
    Utgjeve: 29. november 1974 (USA)[2]
  2. «Lady Double Dealer»
    Utgjeve: Desember 1974 (Japan)
  3. «Stormbringer»
    Utgjeve: Januar 1975[3]

Stormbringer er det niande studioalbumet til den engelske rockegruppa Deep Purple, gjeve ut i november 1974. Det var andre studioalbuma til bandet med Mark III-besetninga, inkludert vokalist David Coverdale og bassist/vokalist Glenn Hughes.

Plateomslag og tittel endre

Omslagsbildet til Stormbringer er basert på eit fotografi. Den 8. juli 1927 vart ein tornado i nærleiken av byen Jasper i Minnesota fotografert av Lucille Handberg.[4] Fotografiet hennar har vorte eit klassisk bilete,[5] og vart brukt og redigert til dette plateomslaget. Det same fotografiet vart brukt til Miles Davis-albumet Bitches Brew i 1970 og Siouxsie and the Banshees-albumet Tinderbox i 1986.

Stormbringer er namnet på den andre Elric of Melniboné-romanen av Michael Moorcock. Det er namnet på eit magisk sverd skildra i mange romanar og teikneseriar av Moorcock og andre som naut enorm suksess på 1960- og 70-talet. David Coverdale har nekta for kjennskap til dette fram til kort tid etter innspelinga av albumet. I eit intervju med Charles Shaar Murray i New Musical Express hevda han at namnet var henta frå mytologien.[6] Nokre år seinare samarbeidde Moorcock med Blue Öyster Cult om å skriva «Black Blade», ein song som faktisk handla om sverdet Stormbringer. [7]

Ifølgje Glenn Hughes er det utydelege kaudervallet som Coverdale seier i byrjinga av tittelsporet, rett før første vers, den same baklengs-dialogen som Linda Blair sin rollefigur uttaler i filmen Eksorsisten, når ho blir avhøyrd av presten.[8]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [9]
Blogcritics(positiv)[10]
Džuboks(positiv)[11]
Record Collector     [12]
Rolling Stone(middels)[13]

I ei retrospektiv melding skriv Alex Henderson i AllMusic at «Stormbringer ikkje når opp til Machine Head og Who Do We Think We Are, men kan likevel skilta med nokre klare klassikarar - mellom anna den heftige 'Lady Double Dealer', den illevarslande tittellåten (ein goth metal-skatt), den sveitten 'High Ball Shooter' og den melankolske balladen 'Soldier of Fortune'.»[9]

Gitaristen Ritchie Blackmore forlét Deep Purple etter Stormbringer og den følgjande turneen, og grunngav det offentleg med at han ikkje likte den funky retninga bandet tok.[14] Glenn Hughes rosar likevel albumet og Blackmore sine bidrag: «Folk som høyrer på Stormbringer, vêr så snill å høyr etter... Ritchie Blackmore er jævlig funky, anten han liker det eller ikkje. Han spelte fantastisk på albumet.»[15]

Nyutgivingar endre

I 1990 vart albumet ommastra og gitt ut på ny i USA av Metal Blade Records, med distribusjon av Warner Bros..

Friday Music-selskapet gav ut ein versjon i USA 31. juli 2007 (saman med Made in Europe og Come Taste the Band). Det er uklart kva band som vart brukte som kjelde for denne utgivinga, men nettsida til plateselskapet hevdar at albumet vart digitalt ommastra (men ikkje utvida).

I tillegg samarbeidde EMI (plateselskapet til Deep Purple for store delar av verda utanfor USA) med Glenn Hughes om ein ommastra, utvida versjon av albumet (til liks med Burn-nyutgivinga) som inkluderte bonusremiksar og alternative opptak.

Den 23. februar 2009 vart 35-årsjubileumsutgåva av Stormbringer gitt ut berre for det europeiske/internasjonale marknaden. Utgivinga vart utvida til eit avgrensa opplag på to plater: den første plata inneheldt heile det ommastra albumet saman med dei nye remixene, og den andre plata var ein DVD som inneheldt den kvadrofoniske miksen i 5.1-lyd slik den opphavleg vart gitt ut i USA på 8-sporsband i 1974. Etter eit avgrensa opplag av CD/DVD-utgåva vart albumet tilgjengeleg i ei enkelt CD-utgåve. Det vart òg gitt ut ein avgrensa, dobbel vinylutgåve.

I populærkulturen endre

Songen «Stormbringer» blir brukt i seriefinalen av den amerikanske TV-serien Ash vs. Evil Dead.[16]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Stormbringer»Ritchie Blackmore, David Coverdale4:03
2.«Love Don't Mean a Thing»Blackmore, Coverdale, Glenn Hughes, Jon Lord, Ian Paice4:23
3.«Holy Man»Coverdale, Hughes, Lord4:28
4.«Hold On»Coverdale, Hughes, Lord, Paice5:05
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Lady Double Dealer»Blackmore, Coverdale3:19
2.«You Can't Do It Right (With the One You Love)»Blackmore, Coverdale, Hughes3:24
3.«High Ball Shooter»Blackmore, Coverdale, Hughes, Lord, Paice4:26
4.«The Gypsy»Blackmore, Coverdale, Hughes, Lord, Paice4:05
5.«Soldier of Fortune»Blackmore, Coverdale3:14
Bonusspor på 35-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
10.«Holy Man» (remix)4:32
11.«You Can't Do It Right» (remix)3:27
12.«Love Don't Mean a Thing» (remix)5:07
13.«Hold On» (remix)5:11
14.«High Ball Shooter» (instrumental)4:30

Medverkande endre

Deep Purple
Produksjon
  • Produsert av Deep Purple og Martin Birch.
  • Spelt inn i Musicland Studios i München i august 1974.
  • Lydteknikarar: Martin Birch, assistert av Reinhold Mack og Hans Menzel.
  • Ytterlegare innspeling og lydmiksing av Martin Birch og Ian Paice, assistert av Gary Webb og Garry Ladinsky på The Record Plant, Los Angeles i september 1974.
  • Mastra hos Kendun Recorders i Burbank i California
  • Jubileumsutgåva digital mastra og ommastring av Peter Mew i Abbey Road Studios, London.
  • Remiksar til «35-årsjubileumsutgåva» miksa av Glenn Hughes med Peter Mew i Abbey Road Studios, London, 3. november 2006
  • «High Ball Shooter» (instrumental) miksa av Gary Massey i Abbey Road Studios, London, april 2002.
  • Opphavleg Quad-miks av Gary Ladinsky i The Record Plant, oktober 1974.
  • Omformatert for 5.1-kringlyd av Peter Mew i Abbey Road Studios, London, februar 2008[6]

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1974-1975) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[17] 8
Austerrikske album (Ö3 Austria)[18] 4
Canada Top Albums/CDs (RPM)[19] 7
Den danske albumlista[20] 6
Finland (The Official Finnish Charts)[21] 6
Den franske albumlista (SNEP)[22] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[23] 10
Italienske album (Musica e Dischi)[24] 5
Den japanske albumlista (Oricon)[25] 22
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[26] 18
Norske album (VG-lista)[27] 2
Britiske album (OCC)[28] 6
US Billboard 200[29] 20

Årslister endre

Liste (1975) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[30] 31

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[31] Gull 100 000*
Sverige (GLF)[32] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[33] Sølv 60 000^
USA (RIAA)[34] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Utmerkingar endre

Publikasjon Land Utmerking År Plassering
Classic Rock Storbritannia «100 Greatest British Rock Album Ever»[35] 2006 62

Kjelder endre

  1. «Stormbringer certification». 
  2. «Deep Purple-singlar». 
  3. Strong, Martin Charles (1995). The Great Rock Diskografi. s. 209. ISBN 9780862415419. 
  4. «Tornado History - Historical Tornado Photos». Tornadochaser.net. Henta 26. februar 2017. 
  5. Lane, Frank W. (1966). «plate 11: "The classic photograph of a tornado». Elementenes raseri (1 utg.). Newton Abbot, Devon, England: David & Charles. ISBN 978-0715340127. 
  6. 6,0 6,1 Deep Purple (2009). Stormbringer 35th Anniversary Edition (CD-hefte). EMI. 50999 2 64645 2 7. 
  7. Popoff, Martin (mars 2009). Blue Öyster Cult: Secrets Revealed! (2 utg.). Toronto, Ontario, Canada: Power Chord Press. s. 151. ISBN 978-0-9752807-0-6. 
  8. «Episode 31». Spicks and Specks. Australian Broadcasting Corporation. 9. juli 2023. 
  9. 9,0 9,1 Henderson, Alex. «Deep Purple - Stormbringer review». AllMusic. All Media Network. Henta 24. februar 2017. 
  10. Bowling, David (5. desember 2011). «Music Review: Deep Purple - Stormbringer». Blogcritics. Henta 24. februar 2017. 
  11. Konjović, S. «Deep Purple – Stormbringer». Džuboks (på serbisk) (Gornji Milanovac: Dečje novine) (6 (second series)): 22. 
  12. Leigh, Spencer (March 2009). «Deep Purple - Stormbringer: 35th Anniversary Edition (CD+DVD)». Record Collector (360). Henta 24. februar 2017. 
  13. Niester, Alan (30. januar 1975). «Deep Purple:Stormbringer». Rolling Stone. Henta 24. februar 2017. 
  14. Deep Purple - Stormbringer ved Wayback Machine (arkivert 1. april 2009)
  15. «Deep Purple - A Critical Retrospective/Rock Review». YouTube. Arkivert frå originalen 12. desember 2021. Henta 25. juli 2018. 
  16. «Music from Ash vs. Evil Dead - Season 3, E10, The Mettle of Man». tunefind.com. Henta 30. august 2022. 
  17. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  18. "Deep Purple - Stormbringer" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  19. "Top RPM Albums: Nummer 6129b". RPM. Library and Archives Canada.
  20. «Danske Hitliter: Stormbringer - Deep Purple» (på dansk). Royal Library, Danmark. Henta 26. februar 2017. 
  21. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  22. «Le Détail des Albums de chaque Artiste – D». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 9. juni 2012.  Select Deep Purple from the menu, then press OK.
  23. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Stormbringer" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
  24. «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 27. mai 2022.  Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple».
  25. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  26. "Deep Purple – Stormbringer". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  27. "Deep Purple – Stormbringer". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  28. "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.
  29. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media. Henta 8. juli 2023.
  30. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment Charts. 1975. Arkivert frå originalen 29. november 2021. Henta 2. april 2022. 
  31. «French album salstrofé – Deep Purple – Stormbringer» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  32. «Guldskivor: Burn - Stormbringer '». 20. desember 2020. 
  33. «British album salstrofé – Deep Purple – Stormbringer». British Phonographic Industry.  Enter Stormbringer in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  34. «American album salstrofé – Deep Purple – Stormbringer». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  35. «Classic Rock – 100 Greatest British Rock Album Ever – April 2006». Classic Rock. Henta 10. februar 2009. 

Bakgrunnsstoff endre