Stormogulen er ein vidkjend diamant, den største som noko sinne er funne i India. Han vart funnen kring 1650 i Golcondagruvene ved Hyderabad. Han fekk namnet sitt ved at han tilhøyrde stormogulen. Som råstein vog han om lag 770 karat, slipt 273 karat. Han var svakt blågrøn og heilt gjennomsiktig.

Teikning av Stormogulen av Tavernier i 1676.

Stormogulen forsvann etter mordet på den dåverande eigaren Nadir sjah i 1747, moglegvis er han seinare oppdelt. Det er vorte hevda at Kohinoor- og Orlov-diamanten vart omslipt av Stormogulen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre