Storsjöodjuret er eit folklorisk fenomen i Storsjön i Jämtland.

Ei statue av storsjöodjuret med Östersund i bakgrunnen.

Udyret skal ha vore observert frå gamalt av og observasjonar er dokumenterte frå 1635 og utover. Mange observasjonar av fenomenet vart gjort frå 1800-talet og utover, for det meste på sumaren og spesielt i hundedagane. Dei fleste observasjonane stammar frå dei sørlege og austlege lutane av vatnet.

I 1894 vart det skipa eit selskap som hadde som føremål å fanga udyret. Både Oscar II, som då var konge i Sverige, og Östersund kommune ytte økonomisk stønad til innkjøp av ei spesialkonstruert saks, som no er utstilt på Jämtlands Läns Museum. Som agn vart det nytta ein smågris, men udyret gjekk ikkje i saksa.

I 1986 la länsstyrelsen i Jämtlands län ned eit forbod mot å «döda, skada, fånga levande djur av arten Storsjöodjuret» og å «borttaga eller skada Storsjöodjurets ägg, rom eller bo».[1] I 2000 vart det bygd spesielle utsiktsplassar rundt Storsjön der ein går ut frå at det er mest truleg at udyret vil visa seg. I 2002 søkte ein privatperson om dispensasjon frå forbodet mot å samla storsjöodjuregg, men miljødomstolen synte til at länsstyrelsen si freding hadde vore usakleg og at det var i strid med lova å freda ein «vetenskapligt icke verifierad djurart». I 2005 slutta justitieombudsmannen seg til miljødomstolen si avgjerd og kunngjorde at fredinga av storsjöodjuret ikkje kunne oppretthaldast. Tidleg i 2006 handsama länstyrelsen lova på nytt og oppheva fredinga frå 1986.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Kungörelse om fridlysning av Storsjöodjuret inom Storsjön (i centrala Jämtland), Jämtlands läns författningssamling, Länsstyrelsen, 22/1-1986.