Stortinget

nasjonalforsamlinga i Noreg

Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg. Tinget har 169 representantar som avgjer dei fleste sakene samla.[1]

Stortinget


Stortingsbygningen i Oslo ligger sentralt til i byens hovedgate Karl Johan. Sjå dette på Wikidata
Org.nr.971524960
Skipa1814
DotterselskapOmbodsmannen for forsvaret, EOS-utvalet, Sivilombodsmannen, Riksrevisjonen
HovudkontorStortingsbygningen
LandNoreg
StyreleiarMasud Gharahkhani (25. november 2021)
Nettstadhttps://www.stortinget.no (bokmål)

Tidlegare var Stortinget delt i to avdelingar, Odelstinget og Lagtinget, ved handsaming av lovsaker. Lovsakene blir no handsama av eit samla Storting, men ein ny lov må vedtakast med same ordlyd to gonger.

Dei viktigaste oppgåvene til Stortinget er:

  • å vedta nye lover og endra eller oppheva gamle
  • å vedta statsbudsjettet, det vil seia å fastsetja dei årlege inntektene og utgiftene til staten
  • å kontrollera regjeringa og statsforvaltninga
  • å handsama planar og retningsliner for verksemda til staten ved å drøfta meir generelle politiske spørsmål (til dømes i utanrikspolitikken), ta standpunkt til reformplanar, godkjenna større prosjekt med vidare

Ettersom Noreg har eit parlamentarisk styringssystem må kongen velja rådgjevarane sine – regjeringa – frå parti som har tillit hjå eit fleirtal på Stortinget, og regjeringa må gå av viss eit fleirtal på Stortinget seinare uttrykkjer mistillit til regjeringa.

Stortingsrepresentantar endre

 
Løvebakken.

Det er stortingsval kvart fjerde år. Av dei 169 representantane kjem 150 direkte inn som distriktsrepresentantar, medan 19 kjem inn på utjamningsmandat. Talet på representantar som skal veljast inn i kvart valdistrikt er sett fast i vallova ut frå folketalet og flatevidda av distrikta.[2] Sist stortingsval var den 9. september 2013, jf. lista over stortingsrepresentantar 2013–2017.

Etter ei grunnlovsendring frå 2003 er ikkje talet på representantar frå kvart valdistrikt fastsett i grunnlova. Lova seier i staden kor mange representantar ein skal ha totalt, og gjev ein utrekningsmåte for korleis dei skal fordelast ut frå folketal og areal i valdistrikta (Grl. § 57).

Frå 1989 til 2005 hadde Stortinget 165 representantar. Av desse blei åtte valde inn som utjamningsrepresentantar, fordelt over heile landet.

Arbeidsordning endre

Presidentskap endre

Stortingspresidenten leier møta i Stortinget, i samarbeid med visepresidentane. I tillegg har presidenten i oppgåve å representera Stortinget i offisielle høve. Stortingspresidenten er konstitusjonelt nummer to i landet, berre etter Kongen, og tek over visse kongelege oppgåver dersom kongen er fråverande eller indisponert.

Stortingspresident frå 2021 er Masud Gharahkhani. Her er vald fem visepresidentar i nummerrekkefølgje.

Presidentskapet på Stortinget:
Stortingskomiteane
Fagkomitear

Andre komitear

Komitear endre

Mesteparten av det faglege arbeidet i Stortinget skjer i komiteane. Fordeling av saker på dei ulike komiteane er fastsett i Stortingets forretningsorden.

Saker som Stortinget skal ta stilling til blir først handsama av ein fagkomité. Kvar stortingsrepresentant sit i ein komite som har eit særskilt arbeidsområde. Det er tretten faste fagkomitear pluss den utvida utanrikskomiteen, og i tillegg tre administrative komitear; andre komitear kan utnemnast om det trengst.

Møteprosedyre endre

Stortingsmøta tek til med at stortingspresidenten innleier med «Stortingets møte er lovlig sett», eller ein variasjon av desse orda. Deretter opnar presidenten for private forslag før Stortinget fortsetter med den tidlegare fastsette møteplanen. Når møteplanen er ferdig behandla blir møtet heva. Stortinget sit saman så lenge det finn det naudsynt.

Lovendringar endre

Lovframlegg, anten det gjeld nye lover eller endring eller oppheving av eksisterande lover, blir i hovudsak presentert for Stortinget av regjeringa i lovproposisjonar (Prop. L), men kan òg fremjast av enkeltrepresentantar gjennom såkalla private lovframlegg (Grl. § 76).

Eit lovframlegg må handsamast to gonger av Stortinget i plenum for at loven skal bli vedteken. Minst tre dagar må gå mellom dei to behandlingane. Dersom framlegget blir forkasta ved den første handsaminga, fell det bort. Om eit lovframlegg ikkje blir akseptert ved den andre handsaminga, må det handsamast ein tredje gong.

Eit lovframlegg som er vedteke av Stortinget, blir sendt vidare til kongen for sanksjonering (Grl. § 77). Kongen kan etter grunnlova nekta å sanksjonera eit lovframlegg – kongens vetorett – og senda det attende til tinget, som i så fall ikkje får leggja det fram på nytt før etter neste stortingsval (Grl. § 78). Men viss det neste Stortinget vedtek det same lovframlegget, blir det til lov anten Kongen sanksjonerer det eller ikkje (Grl. § 79).

Framlegg om brigde i Grunnlova må leggjast fram i eitt av dei tre første Storting etter eit val. Deretter kan det vedtakast av eitt av dei tre første Stortinga etter neste val (Grl. § 112). Endringar i grunnlova må alltid gjerast med kvalifisert fleirtal av Stortinget i plenum. Grunnlovsendringar blir underskrivne av stortingspresidenten og stortingssekretæren, ikkje kongen, men blir sende kongen (les: regjeringa) til orientering og vidare offentleggjering (Grl. § 112).

Odelsting og Lagting endre

Grunnlova § 49 sa tidlegare at «Folket udøver den lovgivende Magt ved Storthinget, der bestaar af to Afdelinger, et Lagthing og et Odelsthing.» Stortinget blei altså delt i to delar når det handsama lovforslag. Stortingsrepresentantane sjølve fordelte seg på dei to kammera etter stortingsval. Ein fjerdedel av representantane sat i Lagtinget medan resten sat i Odelstinget.

Stortinget var likevel ikkje delt i to kammer på same måte som mange andre nasjonalforsamlingar. Medlemmene i dei to avdelingane blei valde under eitt ved same stortingsval, for same periode, og etter same krav til å kunne veljast.

I røynda hadde Lagtinget svært lita makt den siste tida. Ut frå samansettinga i dei første tiåra etter 1814 kan det sjå ut som om dette tinget var meint å virka som eit overhus. I våre dagar fungerte det ikkje slik, ettersom yngre representantar og førstegangsvalde gjerne blir plasserte her. I teorien hadde Lagtinget ein viktig funksjon i samband med riksretten, som blei utforma av medlemmene av dette kammeret saman ned høgsterettsdommarane. Det har ikkje vore reist riksrettssaker i Noreg sidan 1927.

Forslaget til grunnlovsendring blei sett fram i september 2004 og blei 20. februar 2007 vedteke av Stortinget med 159 mot 1 stemme. (Berre Sverre Myrli stemde mot.) Nyordninga er i kraft frå 1. oktober 2009.

Valordning endre

 
Medlemmer av Stortinget og regjeringen blir ofte intervjua av pressen i vandrehallen etter møte.
Foto: Leif Knutsen

Sidan 2005 har det vore 169 valde representantar på Stortinget. 150 av stortingsrepresentantane skal veljast som distriktsrepresentantar og 19 som utjamningsrepresentantar. Kvart fylke har ein utjamningsrepresentant til fordeling blant dei partia som kjem over sperregrensa og som vart underrepresentert ved mandatfordelinga.

Stortingsrepresentantane blir fordelte mellom fyla etter ein formel der ein innbyggar tel eitt poeng og ein kvadratkilometer tel 1,8 poeng. Dette blir delt på talet på stortingsrepresentantar (169).

Ved stortingsvala i 2013 og 2017 gjeld denne mandatfordelinga:

Østfold 9 mandat Rogaland 14 mandat
Akershus 17 mandat Hordaland 16 mandat
Oslo 19 mandat Sogn og Fjordane 4 mandat
Hedmark 7 mandat Møre og Romsdal 9 mandat
Oppland 7 mandat Sør-Trøndelag 10 mandat
Buskerud 9 mandat Nord-Trøndelag 5 mandat
Vestfold 7 mandat Nordland 9 mandat
Telemark 6 mandat Troms 6 mandat
Aust-Agder 4 mandat Finnmark 5 mandat
Vest-Agder 6 mandat Herav utjevningsmandater  19 mandat

Utjamningsrepresentantar endre

Ved grunnlovsendring 10. mai 1988 blei ordninga med utjamningsrepresentantar innført. Talet på stortingsrepresentantar blei utvida frå 157 til 165 (§ 57),av desse skulle 157 vere distriktsrepresentantar og dei øvrige åtte utamningsrepresentantar (§ 58). Listeforbund blei ikkje tillate, og det blei innført ei sperregrense på 4 % for å få tildelt utjamningsrepresentantar. Utjamningsrepresentantane blei fordelte etter St. Laguës metode (§ 59).

Ved grunnlovsendring 26. mai 2003 blei §§ 57, 58 og 59 endra på nytt. Talet på stortingsrepresentantar blei utvida til 169 (§ 57), av desse 150 skulle vere distriktsrepresentantar, mens 19 skulle vere utjamningsrepresentantar (§§ 57 og 59).

Etter revisjonen i 2003 er talet på representantar frå kvart valdistrikt ikkje lenger fastsett i Grunnlova. § 57 fastset det samla talet på representantar, men ikkje kor mange representantar som skal veljast frå kvar valkrets (fylke). Dei 169 mandata blir fordelte på bakgrunn av folketalet og arealet i valdistrikta. Fordelinga blir revidert av Kommunal- og regionaldepartementet kvart åttande år (annakvart stortingsval), neste gong før valet i 2021.

Periode Tal på rep. Utjamningsrep.
1815–1817 87
1817–1820 78
1820–1826 77
1826–1829 79
1829–1832 81
1832–1835 95
1835–1838 96
1838–1841 99
1841–1844 100
1844–1847 102
1847–1850 105
1850–1853 106
1853–1856 107
 
Periode Tal på rep. Utjamningsrep.
1856–1859 111
1859–1862 117
1862–1879 111
1879–1903 114
1903–1906 117
1906–1918 123
1918–1921 126
1921–1973 150
1973–1985 155
1985–1989 157
1989–2005 165 8
2005–i dag 169 19

Kjelder endre

  1. Berg, Ole T.; Gisle, Jon (1. desember 2021). «Stortinget». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Vallova

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Stortinget