Stortingsvalet 1927

Stortingsvalet 1927 vart halde i Noreg hausten 1927.

Resultat endre

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1924 Mandat Endring i høve til 1924
Arbeidarpartiet 36,8 + 18,4 59 + 35
Venstre 17,3 - 1,5 30 - 4
Bondepartiet 14,9 + 1,4 26 + 4
Høgre 5,5 + 5,5 29 - 14
Norges Kommunistiske Parti 4,0 - 2,1 3 - 3
Frisindede Venstre 1,4 + 1,1 2 - 9
Det Radikale Folkeparti 1,3 - 0,4 1 - 1
Nationale Legion 0,1 + 0,1 0 0
Felleslister Høgre og Frisindede Venstre 18,6 - 13,6 0
Total 100 0 150 0

¹ Mandat på felleslister oppført på dei einskilde partia.

Om resultatet endre

Arbeidarpartiet hadde før valet slått seg saman att med Socialdemokratane og gjorde eit brakval. Dei vart det største partiet i landet, noko dei har vore sidan. Høgre som sat med regjeringsmakta før valet, vart den største taparen og Høgreregjeringa til Ivar Lykke gjekk av til fordel for Christopher Hornsrud si regjering, den første Arbeidarparti-regjeringa i landet. Venstre gjekk òg tilbake, for femte val på rad. Likevel kom partiet snart til regjeringsmakt att. Arbeidarpartiregjeringa sat berre ei kort tid, før endå eit regjeringsskifte førte Venstre sin Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering til makta.

Kjelder endre