Stortingsvalet 1949

Stortingsvalet 1949 var det andre stortingsvalet i Noreg etter andre verdskrigen, 10. oktober 1949. Valet var ein stor siger for Arbeidarpartiet, og Einar Gerhardsen si andre regjering heldt fram. Arbeidarpartiet fekk fleirtal åleine i Stortinget.

Dette var det siste valet med gamal valordning, der valkrinsane var delt opp i landkrinsar og bykrinsar. Det var òg det siste valet med gamal utrekningsmetode for mandat. Denne metoden favoriserte store parti sterkt. Ved dette valet fekk til dømes Arbeidarpartiet 56,7 % av stortingsmandata med 45,6 % av røystene, medan Norges Kommunistiske Parti sat att utan stortingsmandat sjølv om dei fekk 5,9 % av røystene. Endå ei endring ved dette valet var at det ikkje lenger var høve til å inngå listesamband. Istadenfor vart det difor i mange valkrinsar sett opp felleslister mellom to eller fleire borgarlege parti.

Samfunnspartiet, som hadde vore representert på Stortinget før krigen men ikkje stilte til val i 1945, stilte igjen til val denne gongen. Dei fekk ikkje stor oppslutning og stilte aldri til val igjen.

Resultat endre

Parti Del av røystene (%) Endring i høve til 1945 Mandat Endring i høve til 1945
Arbeidarpartiet 45,6 + 4,5 85 + 9
Høgre 16,0 - 1,1 23 - 2
Venstre 12,5 - 1,3 21 + 1
Kristeleg Folkeparti 8,4 + 0,5 9 + 1
Norges Kommunistiske Parti 5,9 - 6,0 0 - 11
Bondepartiet 4,9 - 3,2 12 + 2
Samfunnspartiet 0,7 + 0,7 0 0
Borgarlege felleslister 6,2 + 6,2 0
Total 100 0 150 0

¹ Mandata på borgarlege felleslister fordelt på dei einskilde partia.

Dei borgarlege felleslistene var:

Dersom ein fordeler røystene til felleslister på dei einskilde partia, basert på valet i 1945, får ein desse resultata (frå Hvem Hva Hvor 1950):

Parti Prosent røyster Endring i høve til 1945
Høgre 17,9 + 0,9
Venstre 13,5 - 0,3
Kristeleg Folkeparti 8,5 + 0,6
Bondepartiet 7,9 - 0,2

Kjelder endre