Stout er eit nesten svart, overgjæra øl med opphav i dei britiske øyane. Det blir laga av brunne malt eller bygg og var opphavleg ein type porter.

Britisk stout ved frukostbordet

Namnet stout tyder 'sterk'. Første gongen ein brukte ordet om øl var i 1820, då Guinness laga ein Stout-Porter. På denne tida kunne stout ganske enkelt visa til styrken på ølet, og også andre øltypar med mykje alkohol kunne bli kalla stout. Seinare blei ordet berre brukt om den mørke portertypen.

Ved slutten av 1800-talet blei stout tillagt eigenskapen som ein helse- og styrkebringande drikk som blei drukken av idrettsutøvarar, ammande kvinner og tidlegare sjuke.

Nokre stouttypar endre

Kjelder endre