Strange Brew
Singel av Cream
frå albumet Disraeli Gears
B-side

«Tales of Brave Ulysses»

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1967[1]
Innspelt Mai 1967 i Atlantic Studios i New York City
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock
Lengd 2:46
Selskap Reaction
Komponist Eric Clapton, Gail Collins, Felix Pappalardi
Tekstforfattar Eric Clapton, Gail Collins, Felix Pappalardi
Låtskrivar(ar) Eric Clapton, Felix Pappalardi, Gail Collins
Produsent Felix Pappalardi
Cream (U.K.)-kronologi 
«I Feel Free»
(Desember 1966)
Strange Brew «Anyone for Tennis»
(May 1968)
Cream (U.S.)-kronologi
«I Feel Free»
(Desember 1966)
Strange Brew «Spoonful, Part 1»
(November 1967)


«Strange Brew» er ein song frå 1967 av den britiske supergruppa Cream. Han kom ut seint i mai det året som den første singelen frå albumet Disraeli Gears. Songen hadde Eric Clapton på solovokal i staden for Jack Bruce, som vanlegvis song i bandet. Singelen nådde 17. plass i Storbritannia i juni same året. Den britiske singelen var den siste Cream-singelen som vart gjeven ut på Reaction Records.

Bakgrunn endre

Etter Murray "the K" Show spelte Cream inn ein song kalla «Lawdy Mama» med Ahmet Ertegün ved Atlantic Studios i New York. Då Cream arbeidde med innspelinga av Disraeli Gears tok produsenten Felix Pappalardi lydbandet med «Lawdy Mama» og med hjelp frå kona hans Gail Collins omgjorde han songen til «Strange Brew», som i følgje Eric Clapton «skapte ein popsong utan å heilt øydeleggje det originale groovet.»[2]

Singelen gjekk inn på den britiske singellista den 10. juli 1967 på ein 43. plass og nådde 17. plass den 15. juli. Songen låg ni veker på lista.[3]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. http://www.eric-clapton.co.uk/ecla/discography.html
  2. Clapton, Eric (2007). Clapton:The Autobiography (First utg.). Broadway Books. s. 83, 86. ISBN 978-0-385-51851-2. 
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. juli 2007, henta 7. juli 2007