Strategisk allianse

Ein strategisk allianse er eit samarbeid mellom to eller fleire partnarar. Samarbeidet kan formast av uformelle og formelle avtalar, gjennom fellesføretak og felles eigarskap.

Ein kjend motivasjon for å opprette strategiske alliansar er tilgang på ressursar som verksemder ikkje kan skaffe seg i ein open marknad. I tillegg kan strategiske alliansar vere eit godt alternativ til koordinering av aktivitetar mellom føretak i felles prosjekt.

Strategiske alliansar veks i popularitet, og studiar frå den nordamerikanske marknaden indikerer at talet på strategiske alliansar har vakse med 25 % årleg dei siste åra [1].

Trass føremona med strategiske alliansar, viser det seg at mange alliansar feilar, og ein feilrate i området 40-60 % er funnen. [2]. Vanlege grunnar til vanskane er kommunikasjonsproblem, frykt for å dele kritiske ressursar, mistydingar og huga etter profitt.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Harbison og Pekar, J. R. og P. (1998). Smart Alliances: A Practical Guide to Repeatable Success. Jossey-Bass Publishers, San Francisco, CA.
  2. Das, T. K., Teng, B., Instabilities of strategic alliances: An internal tensions perspective (2000) Organization Science, Vol. 11, pp. 77-101