Stratopause

øvre del av stratosfæren

Stratopausen er grensa mellom stratosfæren og mesosfæren, som er to lag i atmosfæren til Jorda. I stratosfæren aukar temperaturen med høgda på grunn av absorpsjon av solstråling i ozonlaget, medan temperaturen i mesosfæren minkar med høgda. Stratopausen finn ein i det nivået der temperaturen går frå å stige til å søkke med høgda, altså den varmaste delen av stratosfæren.

Statopuasen finn ein vanlegvis 50 til 55 km over jordoverflata, og her det atmosfæriske lufttrykket om lag ein tusendel av lufttrykket ved havnivå.

Jordatmosfæren

  Troposfæren | Stratosfæren | Mesosfæren | Termosfæren | Eksosfæren  

  Tropopause | Stratopause | Mesopause | Eksobase  

  Ozonlaget | Turbopause | Ionosfæren