Eit stroboskop er eit apparat til undersøking av roterande rørsler ved glimtvis belysning. Det er utstyrt med ein gassfylt lampe, konstruert for å gje hurtige lysglimt med nøyaktig innstillbare tidsintervall som kan regulerast. I slik belysning synest ein roterande lekam å stå stille, når belysninga skjer ein gong for kvar omdreiing eller ei heil mengd omdreiningar.

Bilete av ein ball som sprett.

Stroboskopet, som vart oppfunnen av Stampfer i 1832, vart ein forløper for kinematografen, og seinare laga i mange former (fenakitoskop, zoetrop, daedaleum, kinetoskop). Prinsippet er at teikningar av ulike fasar av ei rørsle vert sett fortlaupande i det blinkande lyset frå ei lampe. Dette gjev den verknaden at påfølgjande bilete smeltar saman i ei tilsynelatande kontinuerleg rørsle.

I og med at same glimtprinsippet er i bruk ved opptak av levende film, kan ein på kino se flypropellar stå stille eller rotere baklengs under start og stopp.

Underhaldningsbransjen nyttar strobelys i samanheng med dans. Blinkande lys kan elles framprovosere epileptiske anfall.

Kjelder endre

stroboskop. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/stroboskop