Eit strykebrett vert brukt som underlag ved stryking og damping av klede.

Samanleggbart strykebrett.

Historie endre

Under glatting med varm jarnpanne i Kina kunne klede verte strekt mellom to personar,slik at det ikkje var i kontakt med underlaget. Ellers har det vore vanleg med fast underlag når tekstilar skal glattast. Under banking av klede i Korea vart det brukt steintaburettar. Vikingane hadde glattebrett, gjerne av kvalbein når dei brukte glattestein. Og mangling med mangletre vart utført på ei glatt bordplate.

Underlag ved stryking endre

Ved stryking med strykejarn egnar det seg godt å ha ei fast, noko stor plate under. Rundt i heimane har kjøkkenbordet ofte tent dette formålet. For å få høgare bord og betre arbeidsstilling, har ei plate vorte lag over to stolryggar.

I 1858 var det teke patent på eit strykebrett som gjorde det lettare å stryke ermar og buksebein. Det samanleggbare strykebrettet vart patentert i 1866. Det har og vore vanleg med strykeskap der strykebrettet var hengsla og kunne slåast saman inne i skapet.