Subantarktis er ein regionden sørlege halvkula, like nord for regionen Antarktis. Dette samsvarar om lag med breiddegradane mellom 46° og 60° sør for ekvator. Subantarktis omfattar mange øyar i dei sørlege områda av Indiahavet, Atlanterhavet og Stillehavet, særleg dei som ligg nord for Den antarktiske konvergensen. Subantarktiske isbrear ligg per definisjon på øyar i den subantarktiske regionen. Alle isbreane som ligg på kontinentet Antarktis er per definisjon rekna for å vere antarktiske isbrear.

Antarktis og grensene kring, den antarktise konvergensen.

Geografi endre

Den subantarktiske regionen består av to geografiske sonar og tre særeigne frontar. Den nordlege grensa til Den subantarktiske regionen er den heller dårleg definerte subtropiske fronten (STF), òg kalla den subtropiske konvergensen. Sør for STF ligg ein geografiske sone kalla Den subantarktiske sonen (SAZ). Sør for SAZ ligg subantarktiske fronten (SAF). Sør for SAF ligg ein annan havsone kalla polarfrontsonen (PFZ). SAZ og PFZ dannar i lag Den subantarktiske regionen. Den sørlegaste grensa til polarfrontsonen (og derfor den sørlege grensa til Den subantarktiske regionen) er Den antarktiske konvergensen, som ligg kring 200 km sør for den antarktiske polarfronten (APF).[1]

Påverknad frå Sørishavsstraumen og den termohaline sirkulasjonen endre

 
Figur som syner dei store havstraumane, med Sørishavsstraumen. I tillegg til den globale termohaline sirkulasjonen, påverkar denne havstraumen i stor grad det regionale og det globale klimaet.
 
Global termohalin sirkulasjon påverkar klimaet både i regionen og globalt. Dei blå pilene syner til djupvasstraumar, medan dei raude syner til overflatestraumar.

Den subantarktiske fronten, som ligg mellom 48°S og 58°S i Indiahavet og Stillehavet og mellom 42°S og 48°S i Atlanterhavet, definerer den nordlege grensa til Sørishavsstraumen.[1] Sørishavsstraumen er den viktigaste havstraumen i Sørishavet, og den eianste straumen som renn fullstendig kring jorda. Han renn austover gjennom dei sørlege områda av Atlanterhavet, Indiahavet og Stillehavet og knyter saman desse tre elles fråskilde havområda. Han strekkjer seg frå havoverflata og ned til djupner på 2000-4000 meter, og har ei breidde på opp mot 2000 km. Sørishavsstraumen transporterer meir vatn enn nokon annan havstraum.[2] Sørishavsstraumen fører med seg opp mot 150 Sverdrup (150 millionar kubikkmeter per sekund), som svarar til 150 gonger vassvolumet i alle elvane i verda til saman.[3] Sørishavsstraumen og den globale termohaline sirkulasjonen påverkar i stor grad klimaet både i regionen og globalg, samt det biologiske mangfaldet i sjøen her.[4]

Ein annan faktor som medverkar til klimaet i Den subantarktiske regionen, men i mykje mindre grad enn den termohaline sirkulasjonen, er danninga av antarktisk botnvatn (ABW) av halotermal sirkulasjon. Den halotermale sirkulasjonen er den delen av den globale havsirkulasjonen som vert driven av tettleiksgradient skapt av overflatevarme og fordamping.

Defininsjon av subantarktis: politisk og vitskapleg endre

 
Figur som syner forskjellige vassmassar i Sørishavet.

Fleire særeigne vassmassar konvergerer like i nærleiken av Den antarktiske konvergensen. Denne konvergensen skappar eit unikt miljø som er kjend for særs høg marin produktivitet, særleg for antarktisk krill. På grunn av dette vert alla landområda og farvatna sør for Den antarktiske konvergensen rekna for å høyre til Antarktis frå eit klimatologisk, biologisk og hydrologisk synspunkt. Teksten i Antarktistraktaten, pargraf 6 («Område dekte av traktaten») seier: «Avtalen gjeld for alle landområde og isbremmar sør for 60 grader 00 minuttar sør.»[5] Derfor vert Antarktis politisk sett definert som alle landområde og isbremmar sør for 60 °S breidde.

Subantarktiske øyar endre

For meir om dette emnet, sjå Antarktiske og subantarktiske øyar.
 
Antarktis og kringliggjande øyar.
 
Tre veks langs nordkysten av Beagle Channel, 55°S.

Tristan da Cunha-gruppa, Île Amsterdam, Île Saint-Paul og Gough Island er alle isolerte vulkanøyar som ligg mellom 37° - 40° sør for ekvator, like sør for dei sørlege hestebreiddene. Fordi dei ligg så langt nord for Den antarktiske konvergensen og har eit relativt temperert klima, vert dei som regel ikkje rekna med til dei subantarktiske øyane.

Mellom 46° og 50° sør for ekvator, i regionen som ofte vert kalla Roaring Forties (dei brølande vestavindane), ligg Crozetøyane, Prince Edwardøyane, Bountyøyane, Snaresøyane, Kerguelen, Antipodøyane og Aucklandøyane. Desse øyane, som alle ligg nær Den antarktiske konvergensen (om lag den nordlege grensa til Den subantarktiske regionen), vert rekna med til dei subantarktiske øyane.

Mellom 51° og 56° sør for ekvator, ligg Falklandsøyane, Estados-øya, Ildefonso-øyane, Diego Ramírez-øyane, og andre øyar knytte til Eldlandet og Kapp Horn. Desse ligg nord for Den antarktiske konvergensen i regionen som ofte vert kalla Furious Fifties (dei rasande vestavindane). I motsetnad til andre subantarktiske øyar, har desse øyane trevekst, tempererte grassletter (hovudsakleg tussokgress), og til og med dyrkbar mark. Dei har heller ikkje tundra eller permanent snø og is i lågareliggande område. Trass i at dei ligg langt sør, er det omdiskutert om desse øyane skal reknast med til dei subantarktiske øyane fordi klimaet og geografien skil seg så mykje frå andre subantarktiske øyar.

Mellom 52° og 57° sør for ekvator ligg Campbelløyane, Heard- og McDonaldøyane, Bouvetøya, Sør-Georgiaøyane, Macquarieøya og Sør-Sandwichøyane òg i Furious Fifties-beltet. Geografien på desse øyane er særprega av tundra, permafrost og vulkanar. Desse øyane ligg sør for Den antarktiske konvergensen, men nord for 60 °S (som er grensa til Antarktis i følgje Antarktistraktaten).[5] Så sjølv om dei ligg langt sør for Den antarktiske konvergensen, så vert dei likevel rekna som subantarktiske øyar fordi dei ligg nord for 60 °S.

Mellom 60° og 69° sør for ekvator finn ein Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane, Ballenyøyane, Scott Island og Peter I Øy som alle er ordentlege antarktiske øyar av tre årsaker:

  1. dei ligg alle sør for Den antarktiske konvergensen
  2. dei ligg alle i Sørishavet
  3. dei ligg alle sør for den 60. breiddegrad (i regionen ofte kalla Screaming Sixties (dei skrikande vestavindane))

Med dette i tankane er dei subantarktiske øyane:

Øygruppe Koordinatar[6][7] Ocean[6] Claimed by
Antipodøyane 49°40′S 178°46′E / 49.667°S 178.767°E / -49.667; 178.767 (Antipodøyane) Stillehavet New Zealand
Aucklandøyane 50°42′S 166°05′E / 50.700°S 166.083°E / -50.700; 166.083 (Aucklandøyane) Stillehavet New Zealand
Bountyøyane 47°45′S 179°03′E / 47.750°S 179.050°E / -47.750; 179.050 (Bountyøyane) Stillehavet New Zealand
Bouvetøya 54°26′S 03°24′E / 54.433°S 3.400°E / -54.433; 3.400 (Bouvetøya) Atlanterhavet Noreg
Campbelløyane 52°32′S 169°08′E / 52.533°S 169.133°E / -52.533; 169.133 Stillehavet New Zealand
Crozetøyane (fransk Îles Crozet eller offisielt Archipel Crozet) 46°25′S 51°59′E / 46.417°S 51.983°E / -46.417; 51.983 (Crozetøyane) Indiahavet Frankrike
Heard- og McDonaldøyane (HIMI) 53°04′S 73°00′E / 53.067°S 73.000°E / -53.067; 73.000 (HIMI) Indiahavet Australia
Kerguelen 49°15′S 69°35′E / 49.250°S 69.583°E / -49.250; 69.583 (Kerguelen) Indiahavet Frankrike
Macquarieøya 54°38′S 158°52′E / 54.633°S 158.867°E / -54.633; 158.867 (Macquarieøya) Stillehavet Australia
Prince Edwardøyane 46°46′S 37°51′E / 46.767°S 37.850°E / -46.767; 37.850 (Prince Edwardøyane) Indiahavet Sør-Afrika
Sør-Georgiaøyane 54°30′S 37°00′W / 54.500°S 37.000°W / -54.500; -37.000 (Sør-Georgiaøyane) Atlanterhavet Storbritannia
Sør-Sandwichøyane 57°30′S 27°00′W / 57.500°S 27.000°W / -57.500; -27.000 (Sør-Sandwichøyane) Atlanterhavet Storbritannia
Snaresøyane 48°01′S 166°32′E / 48.017°S 166.533°E / -48.017; 166.533 (The Snares) Stillehavet New Zealand

Subantarktiske isbrear endre

For meir om dette emnet, sjå isbrear i Antarktis og isstraumar i Antarktis.

Dette er ei liste over isbrear i subantarktis. Denne lista inneheld eit snøfelt (Murray snøfelt). Snøfelt er ikkje strengt tatt isbrear, men ein finn dei ofte i akkumulasjonssonen eller føre isbrear.[8] For denne lista er Antarktis definert som alle breidder sør for 60°.[5]

 
Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona er til venstre på biletet med Liedbreen like ovanom og Gotleybreen like nedanfor. Big Ben og Mawson Peak ligg nedst til høgre på biletet.
 
Satellittbilete av det sentrale Sør-Georgia: Harkerbreen, Cumberland Bay, Thatcher Peninsula, Allardyce Range, Mount Paget.
 
Neumayerbreen, Cumberland West Bay, Sør-Georgia, kring 1882.
 
Neumayerbreen, Cumberland West Bay, Sør-Georgia, kring 1882.
 
Nordenskjöldbreen, Cumberland Bay, Sør-Georgia.
Namn på breen Koordinatar[6][7] Lengd eller (breidde)[6] Stad
Abbotsmithbreen 53°6′S 73°24′E / 53.100°S 73.400°E / -53.100; 73.400 4.8 km Heardøya
Allisonbreen 53°04′S 73°24′E / 53.067°S 73.400°E / -53.067; 73.400 Heardøya
Austinbreen 54°4′S 37°12′W / 54.067°S 37.200°W / -54.067; -37.200 Sør-Georgiaøyane
Barybreen 54°26′S 36°47′W / 54.433°S 36.783°W / -54.433; -36.783 Sør-Georgiaøyane
Baudissinbreen 53°2′S 73°26′E / 53.033°S 73.433°E / -53.033; 73.433 (2.8 km) Heardøya
Bertrabbreen 54°37′S 35°57′W / 54.617°S 35.950°W / -54.617; -35.950 «liten» Sør-Georgiaøyane
Bogenbreen 54°48′S 35°56′W / 54.800°S 35.933°W / -54.800; -35.933 «liten» Sør-Georgiaøyane
Briggsbreen 54°1′S 37°8′W / 54.017°S 37.133°W / -54.017; -37.133 Sør-Georgiaøyane
Brøggerbreen 54°32′S 36°26′W / 54.533°S 36.433°W / -54.533; -36.433 13 km Sør-Georgiaøyane
Brownbreen 53°4′S 73°39′E / 53.067°S 73.650°E / -53.067; 73.650 Heardøya
Brunonia Glacier 54°3′S 37°29′W / 54.050°S 37.483°W / -54.050; -37.483 Sør-Georgiaøyane
Buxtonbreen 54°26′S 36°12′W / 54.433°S 36.200°W / -54.433; -36.200 Sør-Georgiaøyane
Challengerbreen 53°2′S 73°28′E / 53.033°S 73.467°E / -53.033; 73.467 Heardøya
Christensenbreen 54°2′S 36°52′W / 54.033°S 36.867°W / -54.033; -36.867 Sør-Georgiaøyane
Christensenbreen 54°28′S 3°24′E / 54.467°S 3.400°E / -54.467; 3.400 Bouvetøya
Christophersenbreen 54°25′S 36°47′W / 54.417°S 36.783°W / -54.417; -36.783 Sør-Georgiaøyane
Claytonbreen 54°4′S 37°26′W / 54.067°S 37.433°W / -54.067; -37.433 Sør-Georgiaøyane
Comptonbreen 53°3′S 73°37′E / 53.050°S 73.617°E / -53.050; 73.617 Heardøya
Cookbreen 54°27′S 36°11′W / 54.450°S 36.183°W / -54.450; -36.183 Sør-Georgiaøyane
Creanbreen 54°8′S 37°1′W / 54.133°S 37.017°W / -54.133; -37.017 6 km Sør-Georgiaøyane
Deacockbreen 53°11′S 73°31′E / 53.183°S 73.517°E / -53.183; 73.517 Heardøya
Dead End-breen 54°47′S 35°56′W / 54.783°S 35.933°W / -54.783; -35.933 Sør-Georgiaøyane
Downesbreen 53°2′S 73°31′E / 53.033°S 73.517°E / -53.033; 73.517 Heardøya
Ealeybreen 53°2′S 73°35′E / 53.033°S 73.583°E / -53.033; 73.583 Heardøya
Eclipsebreen 54°23′S 36°5′W / 54.383°S 36.083°W / -54.383; -36.083 Sør-Georgiaøyane
Esmarkbreen 54°13′S 37°13′W / 54.217°S 37.217°W / -54.217; -37.217 Sør-Georgiaøyane
Fiftyonebreen 53°11′S 73°34′E / 53.183°S 73.567°E / -53.183; 73.567 Heardøya
Fortunabreen 54°6′S 36°51′W / 54.100°S 36.850°W / -54.100; -36.850 Sør-Georgiaøyane
Geikiebreen 54°17′S 36°41′W / 54.283°S 36.683°W / -54.283; -36.683 Sør-Georgiaøyane
Gotleybreen 53°10′S 73°27′E / 53.167°S 73.450°E / -53.167; 73.450 13.2 km Heardøya
Graaebreen 54°48′S 36°1′W / 54.800°S 36.017°W / -54.800; -36.017 3.2 km Sør-Georgiaøyane
Gracebreen 54°4′S 37°23′W / 54.067°S 37.383°W / -54.067; -37.383 Sør-Georgiaøyane
Hambergbreen 54°21′S 36°31′W / 54.350°S 36.517°W / -54.350; -36.517 Sør-Georgiaøyane
Harkerbreen 54°22′S 36°32′W / 54.367°S 36.533°W / -54.367; -36.533 Sør-Georgiaøyane
Harmerbreen 54°46′S 36°15′W / 54.767°S 36.250°W / -54.767; -36.250 Sør-Georgiaøyane
Heaneybreen 54°25′S 36°12′W / 54.417°S 36.200°W / -54.417; -36.200 Sør-Georgiaøyane
Hellandbreen 54°29′S 36°37′W / 54.483°S 36.617°W / -54.483; -36.617 Sør-Georgiaøyane
Henningsenbreen 54°27′S 36°42′W / 54.450°S 36.700°W / -54.450; -36.700 Sør-Georgiaøyane
Herz Glacier 54°41′S 35°58′W / 54.683°S 35.967°W / -54.683; -35.967 Sør-Georgiaøyane
Hindlebreen 54°34′S 36°5′W / 54.567°S 36.083°W / -54.567; -36.083 10 km Sør-Georgiaøyane
Hodgesbreen 54°16′S 36°32′W / 54.267°S 36.533°W / -54.267; -36.533 Sør-Georgiaøyane
Horntvedtbreen 54°25′S 3°21′E / 54.417°S 3.350°E / -54.417; 3.350 Bouvetøya
Jackabreen 53°00′S 73°20′E / 53.000°S 73.333°E / -53.000; 73.333 1.3 km Heardøya
Jenkinsbreen 54°46′S 36°7′W / 54.767°S 36.117°W / -54.767; -36.117 Sør-Georgiaøyane
Jewellbreen 54°16′S 37°8′W / 54.267°S 37.133°W / -54.267; -37.133 Sør-Georgiaøyane
Keilhaubreen 54°16′S 37°4′W / 54.267°S 37.067°W / -54.267; -37.067 8 km Sør-Georgiaøyane
Kjerulfbreen 54°21′S 36°51′W / 54.350°S 36.850°W / -54.350; -36.850 Sør-Georgiaøyane
Königbreen 54°1′S 36°48′W / 54.017°S 36.800°W / -54.017; -36.800 Sør-Georgiaøyane
Lancingbreen 54°2′S 36°56′W / 54.033°S 36.933°W / -54.033; -36.933 Sør-Georgiaøyane
Lewaldbreen 54°45′S 35°52′W / 54.750°S 35.867°W / -54.750; -35.867 Sør-Georgiaøyane
Liedbreen 53°9′S 73°26′E / 53.150°S 73.433°E / -53.150; 73.433 Heardøya
Lucasbreen 54°4′S 37°18′W / 54.067°S 37.300°W / -54.067; -37.300 Sør-Georgiaøyane
Lyellbreen 54°17′S 36°37′W / 54.283°S 36.617°W / -54.283; -36.617 Sør-Georgiaøyane
Mary Powellbreen Heardøya
Morrisbreen 54°5′S 37°14′W / 54.083°S 37.233°W / -54.083; -37.233 Sør-Georgiaøyane
Murray snøfelt 54°9′S 37°9′W / 54.150°S 37.150°W / -54.150; -37.150 Sør-Georgiaøyane
Nachtigalbreen 54°29′S 36°9′W / 54.483°S 36.150°W / -54.483; -36.150 Sør-Georgiaøyane
Neumayerbreen 54°15′S 36°41′W / 54.250°S 36.683°W / -54.250; -36.683 13 km Sør-Georgiaøyane
Nordenskjöldbreen 54°22′S 36°22′W / 54.367°S 36.367°W / -54.367; -36.367 «stor» Sør-Georgiaøyane
Novosilskibreen 54°4′S 36°18′W / 54.067°S 36.300°W / -54.067; -36.300 13 km Sør-Georgiaøyane
Pagetbreen 54°24′S 36°28′W / 54.400°S 36.467°W / -54.400; -36.467 6 km Sør-Georgiaøyane
Petersbreen 54°8′S 37°33′W / 54.133°S 37.550°W / -54.133; -37.550 Sør-Georgiaøyane
Philippibreen 54°49′S 36°3′W / 54.817°S 36.050°W / -54.817; -36.050 Sør-Georgiaøyane
Posadowskybreen 54°25′S 32°2′E / 54.417°S 32.033°E / -54.417; 32.033 Bouvetøya
Pricebreen 54°7′S 37°29′W / 54.117°S 37.483°W / -54.117; -37.483 Sør-Georgiaøyane
Purvisbreen 54°6′S 37°1′W / 54.100°S 37.017°W / -54.100; -37.017 Sør-Georgiaøyane
Quenselbreen 54°46′S 35°5′W / 54.767°S 35.083°W / -54.767; -35.083 «liten» Sør-Georgiaøyane
Ristingbreen 54°46′S 36°6′W / 54.767°S 36.100°W / -54.767; -36.100 Sør-Georgiaøyane
Rossbreen 54°33′S 36°6′W / 54.550°S 36.100°W / -54.550; -36.100 10 km Sør-Georgiaøyane
Ryanbreen 54°3′S 37°36′W / 54.050°S 37.600°W / -54.050; -37.600 Sør-Georgiaøyane
Salomonbreen 54°47′S 35°54′W / 54.783°S 35.900°W / -54.783; -35.900 Sør-Georgiaøyane
Schmidtbreen 53°3′S 73°24′E / 53.050°S 73.400°E / -53.050; 73.400 Heardøya
Schraderbreen 54°7′S 37°39′W / 54.117°S 37.650°W / -54.117; -37.650 Sør-Georgiaøyane
Spenceleybreen 54°35′S 36°19′W / 54.583°S 36.317°W / -54.583; -36.317 Sør-Georgiaøyane
Stephensonbreen 53°6′S 73°42′E / 53.100°S 73.700°E / -53.100; 73.700 Heardøya
Storeybreen 54°47′S 36°1′W / 54.783°S 36.017°W / -54.783; -36.017 Sør-Georgiaøyane
Twitcherbreen 54°43′S 35°56′W / 54.717°S 35.933°W / -54.717; -35.933 6 km Sør-Georgiaøyane
Tyrrellbreen 54°22′S 36°31′W / 54.367°S 36.517°W / -54.367; -36.517 Sør-Georgiaøyane
Vahselbreen 53°4′S 73°23′E / 53.067°S 73.383°E / -53.067; 73.383 Heardøya
Webb-breen 54°32′S 36°1′W / 54.533°S 36.017°W / -54.533; -36.017 3.2 km Sør-Georgiaøyane
Weddellbreen 54°35′S 36°00′W / 54.583°S 36.000°W / -54.583; -36.000 3.2 km Sør-Georgiaøyane
Wheelerbreen 54°36′S 36°22′W / 54.600°S 36.367°W / -54.600; -36.367 3.2 km Sør-Georgiaøyane
Winstonbreen 53°9′S 73°38′E / 53.150°S 73.633°E / -53.150; 73.633 Heardøya

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Ryan Smith, Melicie Desflots, Sean White, Arthur J. Mariano, Edward H. Ryan (2008). «Surface Currents in the Southern Ocean:The Antarctic CP Current». The Cooperative Institute for Marine and Atmospheric Studies (CIMAS). Henta 14. oktober 2012. 
  2. Klinck, J. M., W. D. Nowland Jr. (2001). «Sørishavsstraumen». Encyclopedia of Ocean Science (1st utg.). New York: Academic Press. s. 151–159. 
  3. Joanna Gyory, Arthur J. Mariano, Edward H. Ryan. «The Gulf Stream». The Cooperative Institute for Marine and Atmospheric Studies (CIMAS). Henta 14. oktober 2012. 
  4. Ray Lilley (19 May 2008). «Millions of tiny starfish inhabit undersea volcano». Associated Press. Henta 14. oktober 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Office of Polar Programs (OPP) (26. april 2010). «The Antarctic Treaty». The National Science Foundation, Arlington, Virginia. Henta 14. oktober 2012. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Antarctic Names». Geographic Names Information System. USA Geological Survey. Henta 14. oktober 2012. 
  7. 7,0 7,1 «Antarctic Gazetteer». Australian Antarctic Data Centre. Australian Antarctic Division. Henta 14. oktober 2012. 
  8. Dr. Sue Ferguson, USA Department of Agriculture Forest Service. «Types of Glacier». University of Colorado, Boulder, Colorado: National Snow and Ice Data Center. Arkivert frå originalen 17. april 2010. Henta 14. oktober 2012. 

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre