Subarktisk klima er eit klima med lange og kalde vintrar, og korte, men forholdsvis varme somrar. Ein finn stort sett denne typen klima i område som ligg langt borte frå havområde som kan påverke vêret, hovudsakleg mellom 50º og 70ºN. Sidan ein manglar slike landmassar på den sørlege halvkula, har ein ikkje denne typen klima her. I Köppen si klimaklassifisering er subarktisk klima ein del av gruppe D, som er kontinentalklima, og går under bokstavkodane Dfc, Dwc, Dfd og Dwd.

Subarktisk klima i verda
██ Dsc ██ Dsd ██ Dwc ██ Dwd ██ Dfc ██ Dfd

Ein finn oftast dei største temperaturskilnadene mellom sommar og vinter i denne typen klima. Om vinteren kan temperaturen falle til under −40 °C, og om sommaren over 30 °C. Somrane er derimot korte, og ikkje meir enn tre månadar (men minst ein) har middeltemperatur på minst 10 °C.

Ein har gjerne 5-7 månader med middeltemperatur under 0 °C, og all fukt i jorda frys opp til fleire meter ned i bakken. Sommarvarmen er ofte ikkje nok til å smelte meir enn dei øvste laga, så permafrost over store område er ikkje uvanleg. Vanlegvis smeltar laga mellom 0,5 til 4 meter under overflata, avhengig av breiddegrad og jordsmonn. Enkelte nordlege område med subarktisk klima nær kysten (som sørlege delar av Alaska og dei nordlegaste områda av Europa) har mildare vintrar og ingen permafrost, og her er det derfor mogeleg med jordbruk.

Landskap nær Yukon i Alaska.
Taiga i Sibir

Den frostfrie årstida er kort, og varierer frå 45 til 100 dagar på det meste, men ein kan òg få frost i løpet av denne perioden. Ein har som regel berre få typar vegetasjon i område med subarktisk klima, og berre dei mest hardføre kan overleve den lange vinteren. Trea består hovudsakleg av bregner eller bartre sidan få lauvtre kan overleve dei låge temperaturane om vinteren. Sjølv om det er få artar er derimot talet på dei stort, og skogsområda ein finn i denne klimasona er blant dei største i verda, med dei største skogane i Russland og Canada.

Jordbrukspotensialet er dårleg, hovudsakleg på grunn av dårleg jord, og store sumpområde og innsjøar på grunn av smeltande is. Den korte vekstsesongen gjer det og svært vanskeleg for avlingar å vekse. Dei lange sommardagane tillet derimot eit viss jordbruk enkelte stader trass i den korte sesongen.

Det er svært lite nedbør i innlandsområda, ofte ikkje meir enn 30-40 mm på eit heilt år, og det meste kjem i løpet av sommarmånadane. På grunn av svært låg evapotranspirasjon er dette likevel nok til at ein har blautt terreng i mange område med subarktisk klima.

Nord for områda med subarktisk klima har dei varmaste månadane ein middeltemperatur under 10 °C, og klimaet går gradvis over til arktisk tundraklima, der ein har enno mindre vegetasjon.

Område med subarktisk klima endre

Enkelte område har det ekstremt harde klimaet Dfd. Dette klimaet finn ein berre i Sibir på stader som Ojmjakon og Verkhojansk, og dette klimaet kjenneteiknar vintrar så kalde at dei er dei kaldaste områda på heile den nordlege halvkula.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)