Subglasial innsjø

Ein subglasial innsjø er ein innsjø under ein isbre, typisk ei iskappe eller isdekke. Det finst mange slike innsjøar og Vostoksjøen i Antarktis er den klårt største ein kjennner til.

NASA MODIS-bilete av to subglasiale innsjøar i Antarktis.

Eigenskapar endre

 
I dette log-lin fasediagrammet for trykk-temperatur, syner den negative hellinga av linja mellom fast stoff Ih (blå) og flytande (grøn) at frysepunktet minkar med aukande trykk. Til dømes vil trykket på 350 atmosfærer ved toppen av Vostoksjøen redusere frysepunktet til kring -3 °C[1]

Vatnet nedanfor isen vert verande flytande fordi geotermisk varme balanserer varmetapet ved isflata. Trykker fører til at smeltepunktet til vatnet går under 0 °C. TOppen av ein subglasial innsjø vil ligge ved eit nivå der trykksmeltepunktet til vatn skjer temperaturkurva. I Vostoksjøen er isen over innsjøen mykje tjukkaren enn isdekket rundt han.

Vatnet i innsjøen kan eksistere over bakketerskelen. Faktisk kan ein i teorien ha ein subglasial innsjø på toppen av ein haug, så lenge isen over er så mykje tynnare at han skapar det nødvendige hydrostatiske forseglina.

Det flytande nivået kan ein sjå på som vassnivået i eit hol bort gjennom isen til innsjøen. Det er ekvivalent med nivået til som eit stykke is over det ville ha flytt om isen var ein normal isbrem. Istaket kan derfor reknast som ein isbrem som er sett på botnen langs heile omkrinsen. Når isen flyttar seg over innsjøen flyt han ut i innsjøen ved flytelinja og ut av innsjøen ved bakkelinja.

For innsjøen må det eksisterte et hydrostatisk forsegling langs heile omkrinsen, om det flytande nivået er høgare enn terskelen. Ei hydrostatisk forsegling vert skapt då isen er så mykje høgare kring innsjø at ekvipotensialflata dyppar ned i ugjennomtrengeleg bakke. Vatn frå nedanfor denne iskanten vert så pressa attende til innsjøen av den hydrostatiske forseglinga. Isoverflata er ti gonger viktigare enn vassbotnen når det gjeld å skape den hydrostatiske forseglinga. Dette tyder at 1 meter heving av isen er like effektivt som 10 meter heving av innsjøbotnen under. I Vostoksjøen er iskanten estimert til å berre vere 7 meter, medan det flytande nivået er kring 3 meter over taket på innsjøen.[2]

Om den hydrostatiske forseglinga vert brote medan det flytande nivået er høgt, så vil vatnet strøyme ut i ein jökulhlaup. På grunn av smelting av kanalen, aukar utstrøyminga eksponentielt, med mindre andre prosessar gjer at utstrøyminga går enno raskare.[2]

Utanomjordisk endre

Det er funne bevis på at det er subglasiale sjøar på Europa ein av månane til Jupiter.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Siegert, Martin J.; Ellis-Evans, J. Cynan; Tranter, Martyn; Mayer, Christoph; Petit, Jean-Robert; Salamatin, Andrey; Priscu, John C. (2001). «Physical, chemical and biological processes in Vostoksjøen and other Antarktis subglasial innsjøs». Nature 414 (6864): 603–9. PMID 11740551. doi:10.1038/414603a. Henta 29. januar 2011. 
  2. 2,0 2,1 Erlingsson, U. (2006). «Vostok Lake behaves like a ‘captured lake’ and may be near to creating an Antarctic jökulhlaup». Geogr, Ann. 88A (1): 1–7. doi:10.1111/j.0435-3676.2006.00278.x. 
  3. NASA Science news Nov. 16 2011: New evidence for liquid water on Europa

Bakgrunnsstoff endre