Sukhodolskoje (russisk Суходольское озеро, finsk Suvanto) er in stor innsjø på Det karelske neset i Priozersk distrikt i Leningrad oblast i Russland. Han høyrer til nedslagsfeltet til Vuoksi og renn ut gjennom Burnaja.

Sukhodolskoje
innsjø
Land  Russland
Utløp Burnaja
Lengd 40 km
Koordinatar 60°40′29″N 30°14′42″E / 60.67472°N 30.24500°E / 60.67472; 30.24500
Kart
Sukhodolskoje
60°41′47″N 30°03′13″E / 60.696388888889°N 30.053611111111°E / 60.696388888889; 30.053611111111
Wikimedia Commons: Sukhodol'skoye Lake

Opphavleg rann vatnet frå Sukhodolskoje roleg ut i Vuoksi gjennom ei elv ved Kiviniemi. I 1818 vart det grave ein kanal under ein vårflaum frå Sukhodolskoje til Ladoga og dette skapte Burnaja. Ho starta å drenere Sukhodolskoje og vassnivået i innsjøen fall 7 m. Kiviniemi turka ut. I 1857 vart det grave ein kanal i Kiviniemi, men straumen snudde og rann andre vegen, skapte stryk og gjorde at det ikkje var mogeleg med transport på ho.

Kjelder endre