Sukkertare
Sukkertare
Sukkertare
Systematikk
Rike: Det gule riket Chromista
Rekkje: Ochrophyta
Underrekkje: Phaeista
Klasse: Brunalgar Phaeophyceae
Orden: Tare Laminariales
Familie: Laminariaceae
Slekt: Saccharina
Art: Sukkertare S. latissima
Vitskapleg namn
Saccharina latissima
(L.) C.E. Lane, C. Mayes, Druehl, et G. W. Saunders

Sukkertare (Saccharina latissima, tidlegare kalla Laminaria saccharina) er ein brunalge som veks langs heile kysten i Noreg.

Utsjånad endre

 
Sukkertare på ei strand.

Stor brunalge som er festa til havbotnen med eit forgreina hefteorgan som sit nedst på ein 5-20 cm lang rund og glatt stilk. Øvst på stilken sit ei opp til 3 m lang bladplate som kan verte 30 cm brei og sterkt buklete, eller iblant breiare men glatt. Kvar vår veks eit nytt blad fram nedanfrå, men restar av det gamle bladet kan sitte att til langt utover sommaren. Når sukkertaren turkar vert det skilt ut eit kvitt søttsmakande belegg av stoffet mannitol på overflata.

Utbreiing endre

Arten finst langs det nordaustlege Atlanterhavet og Barentshavet sør til Galicia i Spania. Han er ikkje funnen i Biscaya, men er vanleg rundt dei britiske øyane.

Førekomst i Noreg endre

Planta likar seg best ved skjerma strand og i rolege bukter, og finst langs heile kysten frå fjøresonen og ned til om lag 30 m djupn. Sukkertaren sluttar å vekse når sjøtemperaturen kjem over 19 °C.

Kjelder endre