Sula Mållag er eit norsk mållag som vart skipa i 1983. Før 1983 var mållagsfolk frå Sula medlemer i Borgund Mållag, sidan øya Sula var ein del av gamle Borgund kommune. I 1967 vart Borgund og Ålesund slått saman til ein kommune, Ålesund. Etter kommunesamanslåinga vart Borgund Mållag mållaget for heile Ålesund kommune.

I 1977 vart Sula skild ut som eigen kommune. Etter kvart vakna tanken om eit eige mållag for den nye kommunen. I Ålesund var det store arbeidsoppgåver for eit mållag, ikkje minst når det gjaldt skulemålet. Derfor vart det til at mållaget først og fremst måtte gjere ein innsats der. Sula kom helst i andre rekke. I mange år var Sula godt representert i styret i Borgund Mållag, og desse styremedlemene hadde litt dårleg samvit for at Sula vart tilsidesett i målarbeidet. Dei meinte det var nok arbeidsoppgåver for eit eige mållag i deira kommune. Hausten 1982 vart spørsmålet om deling av Borgund Mållag teke opp i styret i laget. Styremedlemer frå Ålesund/Borgund syntest det var leitt at sulalendingane hadde planar om å forlate Borgund Mållag. Dei forstod synspunkta til sulalendingane og godtok at det venteleg måtte gå den vegen.

Den 23. mars 1983 var det skipingsmøte for eit mållag i Sula på biblioteket i Sula ungdomsskule. 12 nynorsk-interesserte personar møtte fram. Øystein Grønmyr var møteleiar, og han ønskte dei frammøtte velkomne til skipingsmøtet. Det vart gjort samrøystes vedtak om å skipe eit mållag i Sula. Det vart også samrøystes vedteke at namnet på laget skulle vere Sula Mållag.

I § 1 i vedtektene står det: Sula Mållag har til føremål: a) å samle målfolk i Sula kommune til aktivt arbeid for det nynorske målet på alle område, b) å auke kunnskapen om og vørdnaden for nynorsken og dialektane våre, c) å styrkje grunnlaget for heimekulturen og verne om miljøet i bygdene våre.

Det første styret som vart vald i Sula Mållag var:

  • Leiar: Rolv Ukkelberg,
  • Styremedlemer: Ola Magne Strand, Lillian Ramnefjell, Kjellaug Ramsli og Ingrid Breivik
  • Varamedlemer: 1. Øystein Grønmyr, 2. Sigurd Hovdevik, 3. Bodil Uddal.

60 av medlemene i Borgund Mållag vart overførte til det nye Sula Mållag. Det var om lag ein tredel av medlemene i Borgund Mållag. Det nye laget fekk overført ein tredel av middelen og fekk dermed ein startkapital.

Medlemstalet i Sula Mållag har variert frå knapt 50 til 75. Sula Mållag driv eit variert kulturarbeid for å fremje føremålet til laget, gjerne i samarbeid med andre lag og Sula bibliotek, t.d. kulturkveldar, m.a. med presentasjon av nynorske bøker og forfattarar, utdeling av nynorske bøker til barnehagar, utdeling av målpris, premiering av beste innslag på nynorsk eller dialekt ved Ungdomens kulturmønstring i Sula.

Leiarar i Sula Mållag: 1983–1990 Rolv Ukkelberg 1991-1994 Ola Magne Strand 1995–1996 Jan Erik Andreassen 1997–1998 Elias Vågnes 1999–2000 Trude Osland Grøtting og Synnøve Molvær Vågnes Bakken 2001 Trude Osland Grøtting 2002-2003 Jan Erik Andreassen 2004- 2008 Øystein Grønmyr 2009-2013 Arne Lerheim 2014- Bente Iversen Breivik

Sula er ein nynorskkommune. Alle skulane har nynorsk som undervisningsmål, og det har ikkje vorte starta parallellklasser med bokmål etter at Sula vart eigen kommune i 1977. Før den tid var det nokre bokmålsklasser i Langevåg. Ein god del av elevane går over til bokmål i den vidaregåande skulen. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk, og i kyrkja er det nynorsk liturgi. I næringslivet blir det brukt mest bokmål. Men nokre gode unnatak finst. I frivillige lag og organisasjonar blir det brukt både nynorsk og bokmål. Det er ønskjeleg at nynorsk blir meir brukt, ikkje minst i arbeidet blant born og ungdom.

Sula treng eit aktivt mållag. Påverknaden av bokmål er ekstra sterk i Sula, som grensar til Ålesund, og mållaget må prøve å vere ei motvekt mot dette. Det er stor folketilvekst i kommunen, og det er mykje tilflytting av folk med bokmålsbakgrunn. Men det ser ut til at dei aller fleste godtek at Sula er nynorskkommune med nynorsk i grunnskulen.