Sula kommune

kommune i Møre og Romsdal
«Sula» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Sula (fleirtyding).

Sula er ein øykommuneSunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen har grenser til Ålesund, Hareid og Ørsta.

Sula kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Langevåg
Areal 58,51 km²
 - land 57,06 km²
 - vatn 1,45 km²
Folketal 9 720  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Turid Kristin Sand Humlen (H) (2023)
Kommunenr. 1531
Kart
Sula
62°25′29″N 6°12′22″E / 62.424722222222°N 6.2061111111111°E / 62.424722222222; 6.2061111111111
Wikimedia Commons: Sula, Norway
Nettstad: www.sula.kommune.no
Kommunesenteret Langevåg
Sunde i Sula kommune
Sula sett frå Hareid

Med flatevidd på 58 km² er Sula ein av dei minste kommunane i Møre og Romsdal. Han er òg ein av dei mest folketette, med 119 innbyggjarar per km². Nord for øya ligg Borgundfjorden og i sør Storfjorden. Det høgaste punktet på øya er Vardane på Sulafjellet, 776 moh. Kring halvparten av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Langevåg, men bygdene Mauseidvåg, Solavågen og Fiskarstrand har òg stor busetjing.

Historie endre

Frå gamalt av var Sula ein del av tidlegare Borgund kommune. Dei første tankane om å verta eit sjølvstendig herad vart lagde fram i 1919 i Sunnmørsposten. På denne tida hadde øya Sula om lag halvparten så mange innbyggjarar som resten av Borgund herad, som det heitte då. Forslaget førte ikkje fram, men då Borgund vart slegen i hop med Ålesund i 1968, blussa kampen om sjølvstende opp att. Innbyggjarane og politikarane på Sula var redde at øya no ville bli ein gløymd utkant i den nye storkommunen Ålesund. Fram til 1977 gjekk det såleis føre seg ein heftig debatt og utskiljinga var oppe til politisk handsaming fleire gonger. Endeleg i 1976 vedtok Stortinget at Sula skulle skiljast ut frå Ålesund, og det har den såleis vore sidan 1.1.1977.

Næringsliv endre

Sula er eit viktig trafikknutepunkt ettersom Europaveg 39, kyststamvegen, går gjennom kommunen. Ei bru og to ferjesamband knyter øysamfunnet til nabokommunane.

Sula var tidlegare eit viktig fiske- og jordbruksområde. I dag er fleire næringsvegar representerte, mellom anna møbel-, tekstil-, transport- og fiskeforedlingsindustri og skipskonstruksjon.

Fiskerstrand verft endre

Verftet blei grunnlagt i 1909 som Fiskerstrand Slip & Motorverksted av Peder E. Fiskerstrand. Verftet har i dag godt ry og står for både nybygg og reparasjon av ferjer og fiskebåtar.

Kjende sulalendingar endre

Gruppene Ytre Suløens Jass-ensemble og Brazz Brothers kjem frå Sula, og det gjer òg ei rekkje andre kjende personar:

Bakgrunnsstoff endre