Sullom Voe (av norrønt Solheimavagr) er eit sund mellom halvøya Northmavine og resten av Northern MainlandShetland i Skottland. Det er òg namnet på petroleumsterminalen som ligg ved dette sundet. Sullom Voe er ein av dei største oljeterminalane i Europa.

Sullom Voe
sund
Land  Storbritannia
Kart
Sullom Voe
60°27′06″N 1°18′39″W / 60.451733333333°N 1.3108055555556°W / 60.451733333333; -1.3108055555556
Wikimedia Commons: Sullom Voe
Sullom Voe oljeterminal
Foto: Anne Burgess
Kart over Shetland. Både Sullom Voe og oljeterminalen er avmerkt.

Sundet er dels skjerma frå vind og vêr av øya Yell i aust, og det vart brukt som miltær flybase av det norske flyvåpenet og RAF under den andre verdskrigen. Då oljeterminalen skulle leggjast der, vart den gamle flybasen, som hadde lege ubrukt sidan verdskrigen, rusta opp og modernisert til å verte Scatsta Airport. Etter at utbygginga av terminalen var ferdig minka trafikken til flyplassen og det vart vedteke å leggje han ned. I staden vart trafikken som før gjekk til Baltasound flyplass på Unst ført over til Scatsta og i dag er det mykje forsyningsaktivitet med helikopter til oljeinstalasjonane i Nordsjøen som går frå Scatsta.

Den fyrste råolja vart funnen i Nordsjøen i 1969 og snart etter vart det vedteke at Sullom Voe skulle verte staden for ein stor oljeterminal. Terminalen ligg nordaustom landsbyen Brae og vart opna i 1975. Utbygginga av terminalen fortsette heilt fram til i 1982. Olje kjem inn til terminalen i røyr frå oljefelta Brent og Ninian. I Sollum Voe vert olja lasta over på tankskip. Nyleg har terminalen byrja å ta imot olje frå felta i Nord-Atlanterern òg.

Då Shetland vart peika ut som staden der terminalen og støttefunksjonane for oljefelta i Nordsjøen skulle skulle liggje venta selskapa som deltok i utbygginga at kvart selskap skulle ha sin eigen terminal. For å gjere dei uheldige fyljene for miljøet minst råd vedtok Shetland Islands Council at det skulle vere ein stor terminal der all olja skulle kome inn, og at han skulle liggje i Sullom Voe. Dette hadde dei makt til å gjere etter at Parlamentet i London hadde vedteke Zetland County Council Act i 1974. Terminalen er i dag driven av oljeselskapet BP for eit samband av selskap som driv oljeutvinninga i Nordsjøen og Nord-Atlanteren.

Bakgrunnsstoff endre

60°26′58″N 1°18′4″W / 60.44944°N 1.30111°W / 60.44944; -1.30111

Denne artikkelen byggjer på «Sullom Voe» henta frå Wikipedia på engelsk 15. mai 2007.